11.21.2019

Foredrag om KDRS si produksjonsline for elarkiv i Helsinki

Torbjørn Aasen holdt foredrag om KDRS sin produksjonslinje i Helsinki. Foto: KDRS
Torbjørn Aasen heldt foredrag om KDRS si produksjonsline i Helsinki. Foto:KDRS
Torbjørn Aasen heldt presentasjon på DLM Forum i Helsinki 14. - 15. november 2019 om prosjektet "Kommunearkivenes Digitale Ressurssenter (KRDS) produksjonslinje for bevaring av elektroniske arkiv".

KRDS og Arkivverket er medlemmer av DLM Forum som er eit europeisk arkivfagleg nettverk for europeiske statlege arkivverk, kommunale ressurssenter som KDRS og andre interessentar til elarkiv. Torbjørn presenterte KDRS si produksjonsline for bevaring og formidling av elektroniske arkiv. Som vist på bildet er IKAMR no i full produksjon, der systema kjem inn som SIARD-uttrekk, blir behandla i Documaster Decom med tilhøyrande malsett og endar som godkjende Arkivpakkar AIP, samt Formidlingspakke DIP for oppslag i deponerte elektroniske arkiv.

KDRS har pr. dato malsett for 21 system og lista blir utvida fortløpande: DocuLive, ePhorte, ESA, Forum Winsak, Kontor 2000, Sofie, Gaia HMS, Extens, WIS Skole, PPI, PPT-HK, BVPro, Familia, Vaktdata, MD Flyktning, Winmed, Gerica, Profil, Panorama, Digifot og ProSys.

Kategori
Elektronisk arkiv
Municipality
Ålesund