04.11.2021

Først i Surnadal - så i Ålesund

IKAMR ved Egil Woldseth Hessen, Aleksander Larsen, Torstein Skeide Olsen og Andri Jónsson i lag med arkivleiar i Surnadal kommune, Sigrid Janne Moen. Foto: IKAMR
Godt samarbeid gjer jobben enklare og kjekkare! Egil Woldseth Hessen og Lars Blix (nærast kamera) tømmer bilen i lag med sjåføren. Foto: Zane Aboltina, SEDAK
Birgitte Fjørtoft flatar kasser etter ferdig tømming. Foto: Zane Aboltina, SEDAK
Arkiva kjem på plass i eitt av magasina. Frå venstre: Åsta Vadset, Andri Jónsson og Joanna Pietruszka bak flyttekassene. Foto: Zane Aboltina, SEDAK

18. til 20. oktober var IKAMR i Surnadal for å pakke ned første del av ordningsprosjekt som ein del av ein avtale på å ordne om lag 500 hyllemeter arkiv for kommunen. 25. oktober kom arkivet til oss i Ålesund.

Prosjektavtalen er inngått i forbindelse med tilsyn frå Arkivverket hos Surnadal kommune i 2020.

Første del av prosjektet inneheld ei rekke digitaliserte arkiv som skal til omboksing og etikettering. Dette inkluderer byggesaksarkiv, landbruksarkiv, landbruksbanken, skog, skogvegar og delingsarkiv.
I tillegg vart det også pakka arkiv frå formannskapet, kommunestyret, sentraladministrasjonen og sentralarkivet, samt mindre arkiv i eldreråd, legat, stemmestyre, generalplannemnd, valstyret og deler av kommunekassa. Alt i alt romma første tur til Surnadal 135,9 hyllemeter.

25. oktober vart kassene levert til oss i Ålesund. Arkiva er no kome på plass på hylla i eitt av magasina i påvente av oppstart på prosjektet, som er planlagt våren 2022.

Vi ser fram til neste tur til Surnadal og gler oss til fortsettinga i åra framover.
 

Tekst: Torstein Skeide Olsen, IKAMR

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Surnadal