13.07.2021

Fotograflærling ved SEDAK

Logo godkjent lærebedrift
Piotr Cabaj og fagleg leiar Ottar A. B. Anderson arbeider i studio med pilotprosjekt for Viti Musea på Sunnmøre. Dokumentasjon av skoen til Joachim Rønneberg
Piotr Cabaj i oppdrag på location, fotografering av brudepar
Piotr Cabaj på fagleg besøk hos Kulturhistorisk Museum, Vikingskiphuset i Oslo

Piotr Cabaj har sidan november 2020 vore lærling i fotograffaget og har gjennomført prøvetid på 6 månader på ein særs tilfredsstillande måte. Kontrakten går no over til å vere aktivt gjeldande fram til sommaren 2023.

IKA Møre og Romsdal ved Fylkessenter for digitalisering av kulturarven (SEDAK) var allereie godkjend lærebedrift tilbake i 2016. Vi har i utgangspunktet jobba aktivt sidan då, med å bygge opp organisasjonen vår til å bli klar til å ta imot ein fotograflærling. Det er eit stort ansvar både fagleg og praktisk, slik at utbyttet blir optimalt både for lærlingen og lærebedrifta. Vi er særs fornøgde med at vi var så heldige å finne den rette kandidaten nettopp no, når vi følte at det som skulle til var på plass.

Statlege verksemder har krav om å ta inn lærlingar, og sjølv om vi på fylkeskommunalt nivå ikkje har dette kravet, er vi vårt samfunnsansvar bevisst. Det å bygge kompetanse i bedrifta, slik som ordninga med lærling faktisk gjer, gir store moglegheiter for aktivt å kunne rekruttere potensielle framtidige kompetente arbeidstakarar.  

Piotr Cabaj har arbeidd systematisk med å tileigne seg meir kunnskap innan fotograffaget gjennom praktisk tilnærming. Hans store lidenskap som naturfotograf, der han blant anna har levert bilde til både bedrifter og private har vore utgangspunktet som han no bygger vidare på. Han har også over lang tid jobba frivillig som fotograf ved fleire ulike kulturarrangement.

Det å formalisere ei utdanning gjennom praktisk tilnærming var derfor eit naturlig val for han, noko som vi her på SEDAK er veldig glade for.

Oversikt over godkjende lærebedrifter i fotograffaget i Møre og Romsdal finn du her.

 

Tekst: Ottar A. B. Anderson

Kategori
SEDAK