Frå drapsgåte til arkivløysing
Saka om Trude Espås er ei av Noregs mest omtalte og framleis uløyste drapsgåter frå 1996. Trass i at etterforskinga har vore ei av dei mest omfattande i norsk kriminalhistorie, med over 3100 avhøyrde vitne frå 37 land og tusenvis av tips, er drapsmannen framleis på frifot.
Sjølv om arkivsektoren har satsa betydeleg på mediekonvertering av papirarkiv, har det vist seg at innhaldet i handskrivne dokument frå nyare tid framleis er digitalt utilgjengeleg for søk. Ei slik utfordring har hovudetterforskaren i Espås-saka tidlegare skildra som eit sakskompleks som «har vokst seg uoversiktlig» på grunn av tid, informasjonsmengde og manglande verktøy for samanstilling og oversikt.
IKAMR spelar ei sentral rolle i utviklinga av ein potensiell løysing for denne utfordringa. I ein nyleg publisert artikkel i tidskriftet Aksess presenterer «Forsete»-prosjektet, eit samarbeid mellom Møre og Romsdal politidistrikt, IKA Møre og Romsdal og NTNU Gjøvik. Målet er å utvikle eit nytt KI-verktøy for maskinassistert gjenkjenning av «moderne» handskrift på norsk. Med eit utgangspunkt i dei massive mengdene handskrivne tips og rundspørjingar i Espås-saka, som utgjer rundt 48 hyllemeter dokumentasjon, skal verktøyet bidra til å gjere materialet søkbart og effektivisere etterforskinga.
Prosjektet legg stor vekt på sikkerheit og ivaretaking av proveniens, autentisitet og rettstryggleik, då sensitive data ikkje kan delast på nett. Denne innsatsen, som starta som eit forprosjekt med støtte frå Arkivverket, har ikkje berre som mål å bidra til å løyse Espås-saka, men har også stor overføringsverdi for heile den offentlege arkivsektoren i Noreg, som sit på store mengder handskrivne dokument frå 1970- og 80-talet og framover. Dette initiativet viser korleis samarbeid mellom ulike aktørar kan fremje samfunnsnyttig innovasjon for å handtere store datamengder og styrke borgarane sine rettar.
Les heile artikkelen i Aksess her.
At prosjektet no blir lagt merke til, er tydeleg. Det viser blant anna denne TV2-artikkelen.