21.02.2019

Fürstbiografien

arnstein_furst_biografi_feb_2019.jpg

Jugendstilsenteret & KUBE har i samarbeid med SEDAK/IKAMR fått transkribert og digitalisert sjølvbiografien etter arkitekt Hans Backer Fürst.

I 2004 mottok Jugendstilsenteret arkivet etter arkitektane Christian Fürst og Hans Backer Fürst, to brødre som var aktive i over 50 år. Det er snakk om meir enn 20 000 teikningar og andre dokument som fortel historia ikkje berre om arkitektur og jugendstil, men samfunnshistorie, teknologi, litteratur og meir.

Sjølvbiografien som no er digitalisert og transkribert er ein del av det store dokumentarkivet etter dei. Brødrene Fürst arbeidde i perioden frå ca. 1885 til 1938, medan biografien vart ferdigskriven i 1944.

Arnstein Slinning og Anne Merete Ranum Aas har arbeidd med transkriberinga. Heile arkivet og det opphavlege, handskrivne verket er oppbevart ved IKAMR. Digitalisering og publisering er gjennomført i tett samarbeid med Ottar André Breivik Anderson, leiar for SEDAK.

Les meir om Fürstarkivet på nettstaden til Jugenstilsenteret og KUBE.

Digitalisert versjon av originalen samt transkribering er tilgjengeleg for nedlasting hjå Jugenstilsentert. Ein kan også bla i begge på Kulturdatabase Møre og Romsdal.

 

Kategori
SEDAK
Kommune
Ålesund