01.11.2021

Fylkesfotoarkivar Ragnar H. Albertsen går av med pensjon

Fylkesfotoarkivar Ragnar H. Albertsen. Fotograf: Ottar Andre Breivik Anderson
Ragnar H. Albertsen. Fotograf: Piotr Cabaj

Fylkesfotoarkivar og fotografmeister Ragnar hadde sin siste ordinære arbeidsdag ved IKAMR og Fylkesfotoarkivet fredag 29. oktober 2021.

I 25 år har Ragnar jobba med fotobevaring i Møre og Romsdal. Ragnar starta allereie i 2002 med direkte digitalisering og lasta digitaliserte bilde på nett allereie i 2005. Ved skipinga i 1996 var fylkesfotoarkivet plassert ved Aalesunds museum, vart lagt ned som eiga avdeling i 2008 og låg fram til 2013 under Stiftelsen Sunnmøre museum (no Viti). 

Ragnar har jobba med fotobevaring opp mot kommunar, historie- og sogelag, museum, fotografar og privatpersonar. Han har jobba godt med fotobevaring i heile fylket og er respektert i fotofaglege miljø i den norske kultursektoren.

I nesten like mange år har Ragnar leia ein dugnadsgjeng frå DIS (Foreningen Data i slektsforskning avd. Ålesund). Saman har dei digitalisert og gitt informasjon til tusenvis av bilde som ligg ute på nett i Fylkesfotodatabasen.

Vi takkar Ragnar så mykje for den formidable innsatsen og ønsker han lykke til som pensjonist.

Kategori
Foto