01.29.2020

FylkesFOTOarkivet med ny database

Søkebilde i den nye fotobasen. Foto: Kristoffer Aas 1925
Foto: Kristoffer Aas 1925
Etter 15 år med felles database for historiske bilde har Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane no skilt lag.

FylkesFOTOarkivet ved Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal skil lag med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Vestland, som det nye fylket heiter, vil drifte sin nye database under det samme domenet som før, foto.fylkesarkivet.no.

Frå 1. februar 2020 finn du ikkje lenger FylkesFOTOarkivet sine 210.000 bilde under adressa https://foto.fylkesarkivet.no/

Du kan få en kikk i testbasen her: https://fylkesfotoarkivet.mrfylke.no/foto/

 

Kommentarfeltet er ikkje mogleg å bruke før det blir gitt eit endeleg klarsignal.

 

 

Vår database med 210.000 bilde frå Møre og Romsdal vil du om kort tid finne under https://fylkesfotoarkivet.mrfylke.no

Kontakt oss om du har spørsmål:

Ragnar H. Albertsen, fotoarkivar

ragnar.albertsen@ikamr.no

Mobil: 908 45 861

Kategori
Privatarkiv
Municipality
Ålesund