02.09.2020

Fylling-arkivet til klimamagasinet

Aslak Fylling og Rannveig Strømmen ved FylkesFOTOarkivet fotografert i samband med pakking og flytting av Fyllingarkivet frå Langevåg i Sula til sikker oppbevaring i IKAMR og FylkesFOTOarkivet sitt klimamagasin. Foto: Ragnar H. Albertsen.
Helge og Jarle Førde 17. mai 1962. Bak ser vi Karsten Havnegjerde med baryton. Fotograf Knut Fylling.
FylkesFOTOarkivet overtek i desse dagar fotografarkivet etter Sulafotografen Knut L. Fylling (1903-1969) og kona Anna (1914-1999). Arkivet inneheld over 15.000 ordrar og truleg opp mot 50.000 svart/kvitt-negativ frå perioden 1934 til 1983.

Første protokollførte kunde er Ansgar Slagnes «Lite pike» juni 1934, ein av dei siste noterte ordrar er frå familien Arnstein Lade i mars 1983.

Etter at Anna Fylling, enka etter Knut L. døydde i 1999, har fotoarkivet vore lagra i eit lite tilbygg der Fylling sin eldste son, Steinar, budde. Fram til no har familien Fylling sjølv hatt ansvar for arkivet og sjølv formidla tingingar frå dei gamle svart/kvitt-negativa. Fylling sitt hovudarkiv er ordna kronologisk. Til oppdrag der Fylling har brukt fleire fotoapparat, er dei ulike negativformata arkiverte saman. Prøvekopiar, ekstrakopiar ligg ofte i same konvolutt som negativa. Imellom finn vi også korrespondanse og noteringar av teknisk karakter. Hovudprotokollen er i regelen ført på kunden sitt namn.

Dei første bilda Knut tok, og som vi har nøyaktig tidfesting på, er frå 1927. Ved varden på Sulafjellet den 25. september har Knut stilt opp venene. På veg opp har ein av venene fotografert Knut og dei andre. Eit lite, privat album med negativ frå 1932 syner at han er komen godt i gang. Ivrig amatørverksemd har utvikla seg til noko meir. Albumet inneheld negativ i nummererte lommer og med referansar til kven som er på bilda. Her er bilde av naboar, familie, foreldre, sysken og besteforeldra.

Sulasoga og bok om fotograf Fylling

Allereie i 2001 starta FylkesFOTOarkivet digitalisering av «Fylling-arkivet». Eit større registrerings- og digitaliseringsprosjekt vart organisert i samband med «Busetnadssoga for Sula». Eit spesialband med fleire hundre bilde og biografien om fotografen kom ut i 2002 under tittelen  «Med blikk for Sula. Fotograf Fylling ("Høle-Knut") - eit fotografarkiv og ei kultursoge». (Red. Arnfinn Kjelland, Ragnar H. Albertsen, Jens Johan Hyvik. 2002. 304 s. ISBN 82-996553-1-5.Sula-soga).

«Fylling-arkivet» får no særs god oppbevaring, men det er førebels ikkje planar om eller økonomi til å digitalisere meir frå arkivet. Over 2.600 av dei bilda som vart digitalisert i samband med bygdebokprosjektet for Sula ligg allereie i nettbasen -FylkesFOTOarkivet– mykje takka vere lokale hjelparar, DIS-dugnad og eit godt samarbeid med Sula kommune som årleg oppmuntrar oss til vidare innsats i arbeidet med litt stønad.

Skriv du «Knut Fylling Sula» i søkeruta i nettbasen kan du bla i dei fine bilda!

Kategori
Privatarkiv
Municipality
Sula