23.05.2023

God respons

Fotograf ukjent. Eigar: Fjord kommune
Fotograf ukjent. Eigar: Fjord kommune
Fotograf ukjent. Eigar: Fjord kommune

17. mai-artikkelen vår om fotballkampen mellom Stordal kommune og husmorlaget i Stordal førte til mange delingar på Facebook og på den måten fekk vi kjennskap til interessante opplysningar.

Trass i at uttakingskomiteen avd. fotball «forsømte oppgåva si» og ikkje arkiverte resultatet frå kampen veit vi no resultatet.

Dagens ordførar i Fjord kommune, Eva Hove, spelte på lag med husmorlaget og fortel på sin Facebook-profil at dei hadde følgande slagord: «Betre med Gro på jordet enn Carl I Hagen». Ho skriv også at ho hugsar det var ein tøff kamp.

Medlem av uttakingskomiteen, Norunn Viset Busengdal, har kommentert til IKAMR at resultatet enda med at kampen blei avblåst når stillinga var uavgjord. Ho har også sendt oss nokre bilde av deltakarane iført kostyme. Ingen har så langt sagt noko om nokon vann pris for årets kostyme, men at mange hugsar 17. mai-kampen i 1981 er tydeleg.

Vi håper du hadde ein fin 17. mai og at nye arkiv og minne vart skapt!

Kommune
Fjord