Haram med i privatarkivordninga
No er 22 av eigarkommunane våre medlemmar i denne ordninga, og kan deponere arkiv frå nedlagde lag, foreiningar, privatpersonar og mindre bedriftsarkiv.
Arkiva vert registrerte og publiserte til Arkivportalen og gjort tilgjengelege etter avtale på lesesalen vår.
Haram kulturhistoriske lag har vore ein pådrivar for innmeldinga. Vi takkar for godt samarbeid og ser fram til å forvalte også private arkiv frå Haram kommune!
Tekst: Åsta Vadset, IKAMR
Kategori
Privatarkiv