17.06.2022

Hareid sanitetslag 110 år

IKAMR sin rådgjevar for private arkiv, Åsta Vadset, fortalde om Sanitetsarkivprosjektet i Møre og Romsdal. Foto: Marianne Rønsholm Overå.
Leiar i Hareid sanitetslag, Rigmor Haddal, ønskte velkomen og leia jubileumsfesten. Foto: Åsta Vadset, IKAMR.
«Aar 1912 den 17 Marts afholdtes et Møde i Grimstad Bedehus til Forhandling af Spørgsmålet om Dannelse af en Sygepleierforening for Hareid Sogn… Ved Afstemning var der overreisende Majoritet i Forsamlingen for at en Sygepleierforening for Sognet skulde stiftes. Der integnedes på Stedet 104 Medlemmer».

Foreininga var først medlem i Den norske Nasjonalforening mot tuberkulose, men i 1916 melde dei seg inn i Norske Kvinners Sanitetsforening. I 1935 vart namnet endra til Hareid sykepleie- og sanitetsforening - og i 1938 til Hareid sanitetslag.

Torsdag 16. juni vart det halde jubileumsfest, ved Sunnmøre Folkehøgskule. Leiar i Hareid sanitetslag, Rigmor Haddal, ønskte velkomen og leia jubileumsfesten. Ærespris vart delt ut til tidlegare leiar Ingrid Stennes. Rådgjevar for private arkiv ved IKAMR, Åsta Vadset, heldt foredrag om Sanitetsarkivprosjektet. Sanitetsforeiningane i Hareid kommune var dei første som deponerte sine arkiv i dette prosjektet. Alle arkiv er ordna, listene publiserte til Arkivportalen og møtebøker og årsmeldingar er tilgjengelege via digitalarkivet (lenker til publiseringar Hareid sanitetslag nedst i artikkelen). I alt 30 medlemmar deltok på jubileumsfesten denne kvelden. Det var ein fin kveld med mykje prating, mimring og refleksjon.

Av arkivet, og av boka Som ringar i vatnet. Hareid sanitetslag 1912-2012 (Inga Ishild Hareide, 2012), ser vi at Hareid sanitetslag har utretta mykje for lokalsamfunnet sitt i løpet av desse åra:

  • I 1922 skipa Hareid sanitetslag arbeidslag i Brandal, Hjørungavåg og Holstad med Hareidsdalen.
  • I 1925 vart det danna arbeidslag på Bigset og i Snipsøyrdalen.
  • I 1930 starta dei opp legekontroll av skulebarn og arbeid for eit folkebad.
  • I 1937 starta dei med skuletannrøkt. Hareid kommune tok over legekontroll av skulebarn i 1937 og skuletannrøkt i 1943.
  • I 1945 starta dei kontroll av mødre og spebarn - overteke av Hareid kommune i 1974.
  • I 1947 vart barselpleierske tilsett.
  • I 1950 erstatta ein samaritt sjukepleierska i Hareid.
  • Hareid sanitetslag si sjukestove ved aldersheimen stod ferdig til bruk i 1960.
  • I 1964 starta laget ordninga med heimehjelp - overteken av Hareid kommune i 1968.
  • I 1967 sette dei i gang masseundersøking av kreft i livmorhalsen - og i 1972 tilbaud dei etterundersøking av livmorkreft.
  • Frå 1968 tilbod om fotpleie for eldre.
  • I 1970 gav dei lån til kjøp av ny sjukebil.
  • I 1977 opna Hareid sanitetslag varmtbadet - som dei renoverte og opna på nytt i 1999.
  • I 1977 engasjerte dei seg også i blodtrykksmåling.
  • I 1986 vart det starta utleige av bilsete for barn.
  • I 1992 gav dei møblar og utstyr til eldresenteret på Hadartun.
  • I 1993 tilbaud Hareid sanitetslag mammografi til alle mellom 50 og 70 år.
  • I 2002 finansierte dei teleslynge til kapellet og vinterhagen på Hadartun.
  • I 2006 arrangerte laget aksjon mot nedlegging av følgeteneste for fødande.

Siste 10 åra har sanitetslaget konsentrert seg om:

  • Førstehjelpskurs
  • Motherhood
  • Kløverturar
  • Ukrainske flyktningar
  • Sal av fastelavnsris med inntekt til forsking på kvinnesjukdommar.
  • Sal av maiblomsten med inntek til arbeid blant barn og unge i lokalsamfunnet.
  • Omsorgsberedskapsgruppe

I tillegg har dei bidrege til gode i storsamfunnet, til dømes då dei i 2010 støtta N.K.S. Veiledningssenter for pårørende i Midt-Norge.

Varmtbadet vart beslutta nedlagt i 2020. Arbeidslaga i Brandal, Bigset og Hjørungavåg vart også nedlagde i 2020.

Hareid sanitetslag sitt arkiv på Arkivportalen:
P-00271 - Hareid sanitetslag (arkivportalen.no)

Hareid sanitetslag på digitalarkivet:
Finn kilde - Digitalarkivet

 

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR

 

Kategori
Privatarkiv