23.01.2023

«Her stod menneskerne magtesløse» - Ålesund i lys lue

Ålesund - brannrapport 1904. Foto: Piotr Cabaj, SEKDAK/IKAMR
«Herved har jeg at indberette til den ærede politimester om den ildsvaade, som begyndte lørdags morgen i totiden, og som har lagt den største del av byen i aske». Slik startar branndirektør og stadsingeniør Johannes Solem rapporten han skreiv fem dagar etter katastrofen ramma Ålesund.

Rapporten finn vi i kopiboka til Stadsingeniøren. Ei slik kopibok inneheld kopiar av utgåande brev som på byrjinga av 1900-talet vart skriven på svært tynt og skjørt matpapirliknande papir. Skrifta i den opphavlege brannrapporten frå 1904 har fram til no nyleg vore delvis uleseleg. Ved hjelp av dagens fototeknologi har SEDAK (Fylkessenter for digitalisering av kulturarven) klart å gjere mesteparten av skrifta synleg for ny gjennomlesing.

Ei nyare framstilling av rapporten vart formidla då historia om bybrannen vart fortalt på nytt i Kristian Bugge si bok «Aalesunds historie» i anledning 75-års jubileet for Ålesund by i 1923. Her skriv Johannes Solem, som då hadde blitt borgarmeister i Ålesund, ei ny framstilling om brannen. Denne er stort sett den same som i den originale rapporten, men med nokre unntak. For det første er innleiinga i brannrapporten ikkje tatt med. Her skildrar Solem kvifor det tok så lang tid før rapporten vart skriven. Han hadde mellom anna vore opptatt med ettersløkking, ordne restane av brannutstyret og å møte stadig nye «fataliteter». I tillegg har han fått brannsår på augne som har vore med å gjere det vanskeleg å skrive rapporten tidlegare. Noko anna som er annleis i boka enn i den originale rapporten er at skildringa i boka er mindre teknisk og omsett til meir tidhøveleg språk. Omgrep som «kum nr. 34», «signalkasse nr. 14» og  «matrikkel nr. 34 og 36» er ikkje å finne i den nyare versjonen av brannrapporten. Nokre avsnitt er også tilføydde, med informasjon ein ikkje hadde tilgjengeleg i dagane etter brannen. Eit døme på ei slik tilføying er samanlikninga av brannmannskapet sin kamp mot brannen med Herakles sin kamp mot dragen. Det same er også historia om «Waldehuset», kor Solem skriv i jubileumsboka til Ålesund at det skal ha bodd ein gamal mann i eit hus i Grensegata som bad til Gud om at huset hans ikkje skulle brenne. Etter brannen viste det seg at alle husa omkring hadde brunne ned, medan dette huset stod heilt uskadd trass i at det er eit trehus som alle dei andre.  

I den originale rapporten kjem det også fram at Johannes Solem ikkje hadde kjennskap til dødsfall knytt til brannen. Han skriv i rapporten frå 28.januar 1904 at «Man får nu vist med sikkerhed sige, at ingen mennesker er blevet indbrendte. Dette er saa meget mer bemærkelsesverdigt, som ilden utbredte sig med rasende hurtighed, og en del mennesker med magt maatte drives ud af de brændende huse». Dette viste seg å ikkje stemme. Dei siste dagane av januar blei det konstantert at det var funne beinrestar av eit menneske oppe på Lihaugen. Den 30. januar refererer Amtmann Kielland til distriktslege Lorentzen som var sikker på at det var ei eldre kvinne som var den omkomne. Ane Heen var den einaste som ikkje blei gjort greie for etter brannen, og ein går derfor ut ifrå at ho var den einaste som døydde under brannen.


Brannatta – slik den er skildra i brannrapporten frå 28. januar 1904

Natt til laurdag den 23. januar klokka 02.15 fekk brannvesenet på Lihaugen beskjed om at det brann i Nedre Strandgate i Ålesund. Brannen starta der IKA Møre og Romsdal har sitt fotostudio i dag, i fabrikklokala til Aalesund Preservering Co. Brannvesenet rykte ut, men det skulle vise seg at brannen vanskeleg let seg stoppe i den «orkanagtige storm». Johannes Solem skriv i rapporten «Nu kom der imidlertid veltænde en saadan masse av ild indover Nedre Strandgate, at det blev aldeles uudholdelig længere, at være der» Brannmannskapet og dei private som hadde kome til for å hjelpe måtte stadig trekke lenger austover etter som brannen spreidde seg i rasande fart austover:  «Præstegaden maatte nu opgies som tabt, og man maatte forsøke at faa kanalisere al sin kraft for muligens at faa stanset ilden ved denne gade, hvor Murgaarden (kirkegaden matr. Nr 22) stod imod, og træbygningerne blev dækkede med seil.» Dessverre skulle det vise seg at segla heller ikkje klarte å stoppe brannen og Johannes Solem skriv vidare i rapporten at «Stormen rasede saa hæftig, at den tog de gjennemblødte seil og løftede dem høit i veiret, og længe før ilden havde antændt husene i Præstegaden, var heden der saa voldsom, at brandmandskaberne maatte flygte bort med slangerne, for at det ikke skulde tage varme i deres klæder». Dei innsåg også då at vestre bydel og «kanskje enda mere vilde stryge med». Brannmannskapet hadde også «blevet nødt til at løbe fra to rinende slanger». 

Dei private personane som til no hadde hjelpt brannmannskapa forlet no brannstaden «for at kunne redde sine familier m.m ud af ilden». No måtte brannmannskapet kjempe med lite mannskap og mindre utstyr. Det skulle vise seg å bli skjebnesvangert sidan «ildlinjen, så i skulde mødes, blev længre og længre». Brannmannskapet kjempa vidare, men det blei snart «indlysende for alle, at den ydre bydel maadte anses helt tabt, og at man kun havde tilbage, at konsentrere al sin kraft paa om mulig at stanse ilden ved Brosundet samt ved Rønnebergs boder i Notenesgaden».

Vidare i den detaljerte rapporten følger vi den fortvilte kampen til brannmannskapa, politiet og magistraten mot eld og røykmasse i sterk vind. Trass iherdig innsats og eit utal snuoperasjonar skriv Johannes Solem i sin rapport når han skal oppsummere forsøka på å stanse elden at alle forsøk var «forgjæves. Intet kunde stanse de fremrykkende ildmasser.»  Han konkluderer at når brannen stod på var «menneskerne magtesløse».

Heile 15 timar tok det før ein hadde kontroll på brannen. Johannes Solem skriv at dei «tog som sidste operationspunkt kummen i krydset mellom Volsdalsveien og Vestre Hospitalsgade. Klokken var da antakelig mellom 4 å 5 om eftermiddagen; og her lykkedes det endelig Å standse ilden, skjønt man ikke egentlig kunde sige at være herre over ilden før mellom klokka 10 å 11 om aftenen. Slukningsarbeidet fortsattes til kl. 2 om natten og afløstes af vagttjenesten hele natten, da den orkanatgite storm fremdeles vedvarede». No sluttar rapporten om brannen og branndirektøren gir ei oppsummering av brannskadane. Han skriv at den mest sentrale og mest kostbare delen av byen er lagd i aske. 230 hus stod igjen innanfor bygrensene. Alle dei andre husa hadde brunne ned. Av dei offentlege bygningane i byen var det berre Aspøy skole, lasarettet (sjukehuset) og gravkapellet på nordsida av byen som stod att. Kor mange som blei skada brannatta skriv derimot Johannes Solem ingenting om.


Kven tende på fabrikken?

Dette spørsmålet har blitt stilt i 119 år. Den dag i dag veit vi framleis ikkje kva eller kven som fekk heile byen til å gå opp i flammar. Branndirektøren ønsker heller ikkje å spekulere i det til politimeisteren. Han avsluttar brannrapporten slik: «Med hensyn til brandens opkomst kan jeg desværre ingen oplysninger give. Ved ankomsten til brandstedet stod som sagt fabrikbygningen i lys lue, og ingen af fabrikkens vedkommende var at se. – »


Arkiv etter brannen og attreisingstida

IKA Møre og Romsdal er depotinstitusjon for Ålesund kommune og oppbevarer arkiv som kan kaste lys over brannen og attreisinga. Arkivskaparar som stadsingeniøren, formannskap, bystyre, magistrat, hjelpekomiteen er berre nokre av arkiva ein kan søke om å få sjå på lesesalen vår. Dei moglegheitene som SEDAK gjer ved hjelp av nyare teknologi kan gjere at nærast uleselege tekstar igjen blir leselege ved at ein får dei digitisert på ein skjerm og at andre ukjente opplysningar kjem fram. I tillegg har fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal eit utal bilde som er tatt etter brannen og av attreisinga.

Nedst i artikelen kan du bla i avfotografert rapport.
 

Tekst: Vibeke Solbakken Lunheim, IKAMR

Kjelder:
Primærkjelder:
- Ålesund kommune. Stadsingeniøren. Kopibok 1903-1904

Sekundærkjelder:
- Bugge, Kristian Martin. Aalesunds historie, Jubilæet 1923, Aalesund 1923
- Grytten. Harald.
Ålesund brenner - Byen under ild og aske. Bind 2, 2004

 

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Ålesund