27.08.2020

Historia til Møre og Romsdal Senterparti sitt fylkeslag

Fylkessekretær Isabelle Orvik og rådgjevar for private arkiv Åsta Vadset. Foto: Jan Aakvik, IKAMR.

Vi oppbevarar arkiv etter ulike politiske parti i fylket vårt. I går fekk vi første avlevering frå Senterpartiet.

Fylkessekretær i Senterpartiet i Møre og Romsdal, Isabelle Orvik, tilbrakte dagen her i lag med rådgjevar for private arkiv, Åsta Vadset. Dei ordna, pakka om og registrerte 2,5 hyllemeter. Frå fylkeslaget er der dokumentasjon tilbake til 1948, den gong namnet var Bondepartiet. I tillegg vart det avlevert arkiv frå Senterkvinnene i Møre og Romsdal, Senterungdommen i Møre og Romsdal, Bygdefolkets Ungdomsfylking og Stranda Senterparti Kvinnegruppa.

Kategori
Privatarkiv