Husmorferie
Når kvile måtte søkast om
I etterkrigstida sitt Noreg, særleg perioden 1950-1980, var husmorferie eit behovsprøvd velferdstilbod for kvinner som arbeidde heime utan løn. Mange husmødrer var slitne etter år med omsorgsoppgåver og ansvar for heim og familie. Ferie var ei sjeldan moglegheit, og dei fleste var avhengige av ektefellen sine feriepengar, som sjeldan strakk til for heile familien.
Husmorferien gav «trøytte og utslitne» kvinner to veker på pensjonat utan mann og barn. Ordninga var støtta av staten, frivillige organisasjonar som Norsk Folkehjelp, Husmorforbundet og Kvinnesekretariatet i Arbeidarpartiet, men også kommunar bidrog med finansiering av husmorferiar. Slagordet "Frå slit i yrke, til sol og styrke" spegla målet: å gi kvile og styrke til kvinner som bar kvardagen.
Helsedirektør Karl Evang meinte samfunnet ikkje hadde råd til å la husmødrene bli utbrende. Han kalla dei "arbeidsmaskiner i heimen" og argumenterte for at retten til kvile også måtte gjelde dei utan løn.
Frå ordning til rørsle – husmorferie i praksis
Ferielova frå 1947 gav rett til ferie for løna arbeidstakarar, men ikkje for kvinner som arbeidde i heimen. Difor vart det oppretta eit eige feriefond for husmødrer. Med statleg og organisert støtte fekk over 20 000 kvinner reise på husmorferie fram til ordninga vart avvikla i 1981.
Husmorferie for slitne fruer i Surnadal
I Surnadal vart det i 1950 stifta eige lag av Norsk Folkehjelp. Alt året etter vart den første husmora send på ferieopphald. Mellom 1951 og 1960 fekk 15 husmødrer og 3 born reise på 14 dagars opphald, ofte til Dovrefjell eller Bolme pensjonat i Rindal. Støtte kom frå staten, kommunen og lokale aktørar som Surnadal Sparebank. I 1958 gav banken 200 kroner, noko som gjorde det mogleg å dele ferien i to omgangar: først for dei unge husmødrene, deretter for dei eldre.
Det var ikkje alle åra ein fekk sendt nokon. I møteboka frå 1954 står det: "Det vart ikkje nokon som vart i veg sendt til husmorferie i år frå Surnadal på grunn av at ein ikkje fekk tak i nokon som ville reise." Ironisk nok var dette det året Surnadal kommnune sitt formannskap fatta vedtak i møte den 5. februar om å støtte laget med 100 kr til formålet. I dagens verdi er dette om lag 1100 kroner.
Kvifor ville ikkje husmødrene reise?
Husmorferie var behovsprøvd, og mange kunne oppleve det som eit nederlag å søke. Kanskje kjende dei at dei burde klare seg sjølve, eller frykta kva andre ville tenke.
«Det er så mykje som krevst av ein husmor. Ho er liksom eit stort urverk som trekkjast opp og må gå utan stans,» skreiv elevar ved Eidså husmorskule på 1920-talet.
Slike ideal gjorde det vanskeleg å be om pause. Husmora blei ofte omtalt som sjølve grunnvollen i samfunnet. Som dei same elevane formulerte det: «Skal vårt folk vera liv laga, so må eit sterkt og indarleg heimeliv vera grunnvollen som ein må byggja på.» Det var husmora si oppgåve å skape dette heimelivet. Ho var den sentrale personen i husstanden – den som evna best å halde familien samla. Å reise bort i to veker kunne derfor verke både uansvarleg og unødvendig, sjølv om behovet for kvile og avlasting var reelt.
Innhald i husmorferien
Husmorferien var ikkje ein passiv ferie der ein låg på sofaen i to veker. Det var snarare ein aktiv kvileferie, med balanse mellom ro, sosialt fellesskap og fagleg påfyll. Dette skulle gi kvinnene ny energi, både fysisk og mentalt.
Programma under husmorferiane inneheldt ei rekke ulike aktivitetar. Kvinnene fekk gjerne fagleg påfyll gjennom husstellkurs, handarbeidskurs og førelesingar om helse, hygiene og barneoppdraging. I tillegg kunne det vere utflukter i nærområdet, ofte lagde til naturmiljø som fjell, skog eller sjø. Tanken var at frisk luft og natur hadde ein positiv helseeffekt og gav betre kvile enn opphald i tettbygde strok.
Ein annan post på programmet var husmorgymnastikk. Her fekk deltakarane opplæring i såkalla arbeidsøvingar – øvingar som etterlikna rørsler frå daglege gjeremål. Dette kunne vere bevegelsar som minte om stryking av klede, trappegåing eller vasking av golv. Eit døme på ei slik øving var å «svinge med armane og sette hofta fram», medan ein gjorde som om ein vaska klede og gjekk i trappa. Formålet med desse øvingane var å førebygge slitasje, og å gjere kvinnene bevisste på korleis dei kunne utføre husarbeid på ein meir ergonomisk måte.
Det var òg lagt stor vekt på det sosiale fellesskapet. Mange av husmødrene følte seg åleine om oppgåvene i kvardagen. På husmorferien møtte dei andre i same situasjon, og opplevde fellesskap, støtte og forståing – noko som for mange var like verdifullt som kvile og kurs.
Frå heiltidsrolle til historisk fenomen
I 1950 var over 50 prosent av norske kvinner registrerte som husmødrer. Dette var ei tid prega av store samfunnsendringar, sterk vekst i offentleg sektor og ein eigen utdanningsveg for unge kvinner gjennom husmorskulane. Norsk Folkehjelp, Husmorforbundet og Bondekvinnelaget arbeidde aktivt for å styrke både status og vilkår for desse kvinnene, og dei såg husmorferien som eit viktig tiltak.
Kvile som rett, ikkje som luksus
Når fellesferien nærmar seg og folk spreier seg frå byar til strender og hyttegrender, er det lett å ta ferie som ei sjølvfølge. Ordninga med husmorferie minner oss om ei tid då retten til kvile ikkje var likt fordelt.
I dag har dei fleste tilgang til ferie, og omgrepet husmorferie blir gjerne brukt med eit smil. Bak humora ligg ein realitet mange framleis kjenner seg att i. Behovet for kvile, avkopling og eit avbrekk frå hamsterhjulet er like aktuelt i dag som det var då.
Når foreldre i dag tek seg ein velfortent pause og kallar det husmorferie, kan det òg vere ei stille og verdig hyllest til dei som gjekk føre. Til dei som aldri fekk feriepengar, men som til slutt fekk reise bort for å hente seg inn. Omgrepet husmorferie minner oss om at kvile ikkje er ein luksus for dei få, men ein nødvendig del av eit godt liv.
Kjelder
Primærkjelder
• Møtebøker frå Surnadal lag av Norsk Folkehjelp
• Surnadal formannskap, møtebøker 1950 til 1958
• Elevavis «Bia», Eidså Husmor- og landbruksskule, 1925 til 1927
Sekundærkjelder
• Apell. Tema: Norsk Folkehjelps historie. Norsk Folkehjelp, nummer 3, 2019
• Avdem, Anna Jorunn. Husmorparadiset. Eit tilbakeblikk på husmora i 1950- og 60-åra. Samlaget, 2001
• Wikipedia og Store norske leksikon
Tekst: Vibeke Solbakken Lunheim