26.02.2016

IKAMR fekk besøk av NRK-programmet «God ettermiddag Møre og Romsdal»

ika_nrk_.jpg

NRK var på besøk hjå IKAMR torsdag 25. februar. Der fekk dei eit lite innblikk i kvardagen til ein arkivar.

Vi på IKAMR har fått med oss at slektsgransking er noko som engasjerer befolkninga. Kanskje spesielt når NRK sender såkalla edutainment-program som «Anno» og «Hvem tror du at du er?». Men vi er ikkje berre til for slektsgranskarar. Vår fremste oppgåve er å hjelpe kommunane i fylket vårt med å gi innsyn i viktig dokumentasjon, ikkje berre for kommunane sjølve, men også for privatpersonar i og utanfor fylket.

NRK Møre og Romsdal fekk ei lita omvisning i magasina våre. Gunnar Morsund og Dan André Fiskum Velle vart intervjua om skrfittyding og om kva slags tilbod vi kan gi befolkninga i Møre og Romsdal. Intervjuar Pål Kristian Lindseth var nøgd med besøket og vi ønsker NRK velkomne tilbake til IKAMR. Husk: det er open dag søndag 24. april. 

Under ligg lenkene til innslaga som vart sende på «God ettermiddag Møre og Romsdal» 25. februar 2016. Du får spelt av lydfilane ved å trykke på avspelaren (Hør Distriktsprogram - Møre og Romsdal).

https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-moere-og-romsdal/DKMR02003916/25-02-2016#t=1h13m08s

https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-moere-og-romsdal/DKMR02003916/25-02-2016#t=1h24m56s

 

Tekst: Dan André Fiskum Velle