26.11.2020

IKAMR i Fjord kommune

Vibeke Lunheim og Tove Nypan - Foto: Birgitte M. Fjørtoft, IKAMR
Torsdag 12.11.2020 fekk Fjord kommune besøk av IKAMR. Målet for turen var å ferdigstille ordninga av arkivet for skulesektoren for tidlegare Norddal kommune.

Det var rådgjevarane Vibeke Lunheim, Tove Nypan og Birgitte M. Fjørtoft som tok turen.

Arbeidet var nesten ferdig, men for å kunne fullføre registreringa måtte vi ut og sjå på det fysiske materialet sjølve. Dette for å få ei oversikt over kva som stod att, som er enklare med materialet framfor seg. Resterande arkiv frå skulesektoren vart registrert inn i databasen Asta i løpet av besøket.

Dette arkivet skal avleverast til depoet ved IKAMR før jul.

 

Kategori
Eldre arkiv
Municipality
Fjord