09.11.2020

IKAMR i Molde kommune

Nedpakking Molde kommune - Foto: John Arild Hestenes, Molde kommune
5. og 6. november 2020 starta IKAMR nedpakkinga av det største ordningsprosjektet vi har signert til dags dato: Moldeprosjektet (800 hyllemeter estimert).

Vi har valt å gjere nedpakkinga sektorvis. Det vil seie at vi hentar resten på liknande måte framover over ulike turar til Molde kommune.

Denne gongen valde vi å pakke sentraladministrasjonen, protokollar frå formannskap og kommunestyre, valgstyre, diverse røystestyre, kommuneadvokaten sitt saksarkiv 1984-2002 og sentralarkivet 2005-2007. Totalt pakka vi no ca. 135 hyllemeter frå Molde kommune, det vil seie 193 flyttekasser. Dette inkluderer også 12 hyllemeter med Bidragsfogden som kommunen sjølv har ordna, men som av praktiske årsaker blir sendt med til IKAMR no.

Arbeidet med å ordne arkivet startar i januar 2021. Neste tur til Molde vil bli på nyåret, då skal vi ta for oss tekniske arkiv.

Kategori
Eldre arkiv
Municipality
Molde