23.11.2020

IKAMR i Rauma kommune

På besøk hos Rauma kommune - Foto: Geir Håvard Ellingseter, IKAMR

19-20. november trassa vi vergudane over Ørskogfjellet og tok turen til Rauma.

IKAMR har tidlegare vore i dialog med kommunen om store delar av materialet som dei har ordna sjølv med oppfølging frå oss.

No ønsker kommunen at vi skal kome med eit tilbod på kva det vil koste å ta over, samt fullføre dei arkiva som er påbyrja. Vidare også halde fram med arbeidet på det som til no ikkje er ordna. I samsvar med tidlegare kartlegging, gjekk vi no til verks og fekk kartlagt status for 1087 hyllemeter papirarkiv i kommunen. Mange av desse meterane inneheld eldre arkiv frå dei fem gamle kommunane Rauma bestod av tidlegare, før 1964 (Veøy, Voll, Eid, Hen og Grytten).

Vi takkar for oss og eit flott opphald.

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Rauma