03.22.2017

Intern flytting av arkiv

img_0525.jpg
img_0531.jpg
img_0536.jpg
Kor mykje arkiv kan ein pakke, flytte og pakke ut i løpet av ein arbeidsdag?

IKA har tre magasin i Kirkegata 10, samt eitt i Kirkegata 40/42 med inngang i Statsråd Daaesgate 9. No og då endrar behova seg i magasina og ein må flytte på arkiv. Torsdag 16. mars bretta seks tilsette ved IKA opp ermane og sette i gang.

Planen var å flytte to arkiv på til saman 453 arkivboksar frå Kirkegata 10 til Daaesgt 9. Dette gjekk så radig at vi rakk endå eit arkiv! Til saman nesten 700 arkivboksar vart nedpakka, flytta og pakka ut og plassert i hylle i løpet av arbeidsdagen.

Med arbeidsvillige kollegaer og god logistikk gjekk jobben strålande.

 

Tekst: Guro Flø, IKAMR

Kategori
Eldre arkiv