10.04.2015

Jobbskygging ved IKA Møre og Romsdal

img_6629.jpeg

Torsdag 9. april, på sjølvaste 75-årsdagen for invasjonen av Noreg, hadde vi besøk av ein elev frå 8-klasse ved Brattvåg ungdomsskule. Jobbskygging kallar dei dette. Føremålet er at elevane skal få vere med på ein arbeidsdag, for å få ein smak av arbeidslivet.


 
Kva for utdanning trengst for å kunne jobbe her? Det er Anna Alvestad Mikalsen som stiller dette spørsmålet. Ho har førebudd seg godt til intervjuet ho skal gjere i samband med jobbskyggingsdagen ved IKA Møre og Romsdal. Etter at ho har fått svar på spørsmålet, lurer ho på om eg trivst og om kva eg hadde valt å utdanne meg til dersom eg var 14 år i dag. 

Ved IKA Møre og Romsdal arbeider vi med mykje forskjellig, og Anna Alvestad Mikalsen fekk difor vere med på mykje forskjellig. Ho fekk møte dei tilsette som var på jobb, og fekk innblikk i kva for utdanning og erfaring dei hadde og kva dei arbeidde med. Ho fekk vite at i arkiva finst det både gode historier og triste historier. I tillegg fekk ho lære litt om at arkiv ikkje berre blir skapt på papir, men at meir og meir blir skapt elektronisk. Ho fekk også lære å søke etter foto i fotodatabasen på Internett.

Vibeke og Anna brukte mykje av tida denne dagen i magasinet. Mellom anna såg vi på Borgund kommune si folketeljing frå 1825, der vi kunne sjå at det budde seks personar på øya som Anna kjem frå. Gunnar Morsund, eksperten vår på slektsforsking, viste ho deretter at folketalet hadde auka til 19 personar i 1910 på Terøya, i dagens Haram kommune. Dette søkte han opp via digitalarkivet.

Vidare såg vi mellom anna på skattelister frå 50-åra og forsøkte å leite etter slektningar, vi fann eit foto av farfar Kjartan Mikalsen, då han gjekk på skule i Langevågen. Vi fann også ei historie, skriven av ein slektning i 1933. Ho skreiv om ”ein gang ho var redd”, og kunne fortelje om ein kveld ho, søstrene og tenestejenta trefte fulle gutar i Remabakken på veg heim. Gutane oppførte seg truande, og trass i at ho ikkje fekk sove godt den natta, kom dei seg trygt heim.

Vi kika også på andre arkivskaparar, blant anna skulestilar skrivne av elevar til eksamen tett etter frigjeringa i mai 1945, straffeprotokollar frå Aspøy skole, fattigarkiv og mykje meir. 

Anna tok mange bilete frå dagen sin her. Ho likte spesielt godt mønsteret i dei gamle protokollane og den gamle skrifta. Ho synes også det var kjekt å forsøke å lese i dei gamle kjeldene.

Det var kjekt å ha Anna på besøk. No gjenstår det å sjå om ho søker seg hit neste år i arbeidsveka og om ho på sikt søker sommarjobb hos oss. 

For å svare på spørsmålet til Anna: Om eg hadde vore 14 år i dag, ville eg valt ei utdanning som var samfunnsretta eller kanskje av økonomisk grad. Eg trivast godt ved IKA Møre og Romsdal, både med utfordringane i jobben og kollegaene mine.

Forfattar: Vibeke S. Lunheim