23.02.2021

Kartlegging av papirarkiv - gamle Norddal kommune

Torstein Skeide Olsen studerer protokollar på besøk hos Fjord kommune - Foto: Geir Håvard Ellingseter, IKAMR
Måndag 15. februar var IKAMR på besøk på rådhuset hos Fjord kommune for å kartlegge resterande papirarkiv som framleis står der, frå gamle Norddal kommune.

Vi vil fortsette kartlegginga for Fjord seinare, med ytre einingar for gamle Norddal kommune, samt resterande papirarkiv for gamle Stordal kommune.

Dette må gjerast for å kunne gi Fjord kommune eit estimat og tilbod på kva det vil koste å ordne dette hos oss. I tillegg er det nokre mindre seriar som kan digitaliserast.

Vi håper å kunne fullføre estimatet så snart som råd. Vi ser fram til å fortsette arbeidet og gler oss til fortsettinga.

 

Tekst: Torstein Skeide Olsen

Kategori
Eldre arkiv
Municipality
Fjord