05.10.2020

Kartlegging av papirarkiv i Ulstein kommune

Synfaring hos teknisk - Foto: SEDAK, Zane Aboltina

IKA Møre og Romsdal har i september gjennomført ein kartleggingsprosess av papirarkiv hos Ulstein kommune.

Kartlegginga vart gjort med to besøk, først 09.09.2020, deretter 30.09.2020.

30.09.2020 vart også SEDAK med for å sjå på moglegheitene for å digitalisere byggesaksarkivet for kommunen.  Synfaringa vart denne dagen gjennomført hos teknisk i 2.etasje, og i teknisk sitt bortsettingsarkiv.

Vi vart tatt godt imot og fekk god oversikt over materiale, for å kunne gi kommunen eit tilbod for ordning og/eller digitalisering.

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Ulstein