23.02.2021

Kartlegging av papirarkiv - Smøla kommune

Oddrun Skomsøy, leiar for publikumssenteret og Torstein Skeide Olsen, IKAMR – Foto: Geir Håvard Ellingseter, IKAMR
Inger Anne Rangnes, leiar i arkivgruppa til Lokalhistorisk arkiv for Smøla og Torstein Skeide Olsen, IKAMR – Foto: Geir Håvard Ellingseter, IKAMR
Torsdag 18. februar tok IKAMR turen til Smøla kommune for synfaring og kartlegging av arkiv ved Smøla rådhus.

Vi kartla litt over 200 hyllemeter. Dette er noko som må gjerast for å kunne gi eit estimat kva det vil koste å ordne hos oss.

Vi fekk også tatt eit lite besøk hos Smøla lokalhistoriske arkiv i gamle Edøy kommune (1874-1959) sine arkivlokale, og henta litt materiale som skal inn i det pågåande ordningsprosjektet som IKAMR har om sanitetskvinnene i Møre og Romsdal.

Vi takkar for at vi fekk kome på besøk og håper å kunne gi Smøla kommune eit godt grunnlag for vidare arbeid med å få registrert og gjort tilgjengeleg papirarkivet for framtidig bruk.

 

Tekst: Torstein Skeide Olsen

 

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Smøla