18.01.2023

Kjærleiksbreva frå den amerikanske borgarkrigen

Søren Johan Hanssen. Foto: Usikkert men truleg Andreas Dahl. Tilhøyrer Vesterheim Norwegian-American Museum, Decorah, Iowa

Dei private breva kom inn til IKAMR saman med kommunearkivet til Veøy. Søren Johan Hanssen, som var distriktslege i Indre Romsdals legedistrikt frå 1866-1883, var avsendaren.

Søren Johan Hanssen vart fødd i 1820 i Solum i Bratsberg amt. Han tok eksamen artium ved Universitetet i Christiania i 1845 og «anden eksamen» samme stad i 1847. I 1855 uteksaminert cand. med. frå Universitetet i Christiania. Året etter emigrerte han til Koshkonong i Wisconsin saman med kona Alberta Reinhardine Ulffers. Hanssen verva seg inn i det 15. Wisconsin frivillige regiment, som på folkemunne vart kalla Det skandinaviske regiment. Der fungerte han som assistentkirurg med kapteinsrang. Hanssen fekk avskjed grunna sjukdom.

Familien reiste tilbake til Norge i 1865 og Søren Johan Hanssen fekk stilling som distriktslege i Indre Romsdal. Han hadde embetsbustad på Seljevoll i dagens Rauma kommune. Stillinga hadde han fram til 1883 då han flytta til Kristiania. Han døydde i 1885.

Arkivet inneheld private brev sendt frå Søren Johan Hanssen til kona Alberta og sonen Hans Reinert Hanssen. Breva fortel om opplevingar under den amerikanske borgarkrigen, om lengt og framtidstankar. Der er også brev frå eit studieopphald i Italia i 1875. Dette er fasinerande lesnad for oss i dag. Som distriktslege var Hanssen leiar i sunnhetskommisjonen (helserådet), og oppbevarte nok arkivet til Veøy helseråd heime hjå seg. Det er truleg slik dei private breva har hamna i Veøy kommune sitt arkiv.

Breva er digitiserte og du kan sjølv sjå dei på Digitalarkivet, ved å klikke her.

 

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR og Dan André Myrbakk-Velle

Kategori
Privatarkiv