12.01.2017

Kontaktkonferansen 2017

grand_hotell.png

Årets kontaktkonferanse vert arrangert 14.-15. juni på Quality Grand Hotel, Kristiansund.

Program og påmeldingsskjema vil bli sendt til kommunane og dei arkivmedarbeidarane vi har oversikt over. Vi ønskjer oss idear til tema og spørsmål du vil vi skal ta opp. Send e-post til postmottak@ikamr.no. Eit tema vert ny arkivforskrift og kva det vil ha å seie for arbeidet med arkiv i kommunane og fylkeskommunen.