23.05.2022

Kontaktkonferansen 2022

Kontaktkonferanse 2019. Fotograf: Piotr Cabaj
Kontaktkonferansen 2022 vert arrangert 9. og 10. november 2022 på Scandic Hotell i Kristiansund.

Kvart år arrangerer IKAMR kontaktkonferanse for alle arkivtilsette hos eigarane våre. På grunn av pandemien har konferansen vore utsett to gongar, men no er vi endeleg klare for å treffast fysisk igjen.

I tråd med tradisjonen byter vi på å halde konferansen i fylket sine tre største byar, Ålesund, Molde og Kristiansund. Siste konferanse var i Ålesund i 2019, og no er det Kristiansund sin tur.

Hald av datoene 9. og 10. november. Program og påmelding vil bli annonsert seinare. Viss de har ønske eller innspel til programmet er det berre å ta kontakt!

Kategori
Kontaktkonferansen