01.10.2019

Metervis med klippfiskhistorie

Foto: Piotr Cabaj
Foto: Piotr Cabaj

Prosjektmedarbeidar Eli Morken Farstad arbeidar i haust med eit spennande materiale saman med privatarkivansvarleg Åsta Vadset.

Vi ryddar i papira etter den næringspolitiske organisasjonen Unidos og De Norske Klippfiskeksportørers Landsforening, som blei skipa i 1931. Alle klippfiskeksportørar i Noreg måtte i mange tiår vere medlem av DNKL og Unidos for å få løyve til å eksportere klippfisk.

Unidos-arkivet er eit utmerka prisme for å forstå korleis klippfisknæringa har verka i og påverka sunnmørs- og nordmørsregionane, Møre og Romsdal, Noreg og ikkje minst internasjonal handel. Vi kan til dømes finne kjelder som kan fortelje oss om klippfiskrasjonering under andre verdskrig, gradvis liberalisering av den internasjonale marknaden eller korleis norsk klippfiskreklame til Brasil anno 1986 kunne sjå ut. Med andre ord eit stort spenn både i tid, rom og tema!

I ein omfangsrik organisasjon med lang historie er det naturleg at arkivarane lurer på ting undervegs i ryddinga. Då er det eit privilegium å få besøk av folk som har arbeidd hardt og mykje hjå arkivskaparen over fleire tiår – med ein upåklageleg minnekapasitet. Ein slik er Jorulf Straume, tidlegare administrerande direktør for Unidos. Han kom til IKAMR i september og delte viktig informasjon om tilsette hjå DNKL og Unidos, organisasjonsstruktur, utviklinga fram mot avviklinga i 2015 og anekdotar som gir oss eit innblikk i kulturen i bedrifta. Eit uvurderlig bidrag for å gjere arkivet så komplett som mogleg for dei som seinare vil hente ut forskingsmateriale. Vi har som mål at Unidos-arkivet skal vere søkbart i Arkivportalen over nyttår 2020.

 

Tekst: Eli Morken Farstad

Kategori
Privatarkiv