30.04.2021

Molde Jern– og Metallarbeideres Kvinneforening

Etikett på protokoll for Molde Jern- og Metallarbeideres Kvinneforening
Første side i møteprotokollen 10. februar 1932 - Oppstart av kvinneforeining

I høve 1. mai har vi valt å trekke fram historia i eit lite arkiv frå samlinga til Arbeiderbevegelsens Arkiv i Møre og Romsdal.

Framveksten av jern- og metallindustrien i Molde var ei naturleg følgje av overgang til motordrift i fiskeflåten. Fleire motorfabrikkar starta opp i byen frå 1907 og framover, og Avdeling 81 Molde av Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund vart stifta hausten 1908.

Den 10. februar 1932 vart Molde Jern- og Metallarbeideres Kvinneforening oppretta. Årsaka var vanskelege tider for mange av Avdeling 81 sine medlemmar. Arbeidsløysa var stor og i tillegg hadde det vore ein landsomfattande lockout i 1931. Foreininga arbeidde mellom anna for å skaffe pengar til arbeidsledige medlemmar. Kvinnene, som var koner av medlemmane i Avdeling 81, møttest kvar 14. dag og hadde syforeining. Her produserte dei gevinstar til ein tombola som vart arrangert kvar haust. I tillegg hadde dei utlodding på kvart møte. Kvinneforeininga arrangerte juletrefest for avdelinga sine medlemmar og barn, og utflukter for avkopling og sosialt samvær. I jubileumsskrifta til Avdeling 81 står det at kvinneforeininga sin innsats representerte «et være eller ikke være» for avdelinga.

Arkivet består av ei møtebok og ei kassadagbok, begge frå perioden 1932-1952.

Ved IKA oppbevarer vi samlinga etter Arbeiderbevegelsens Arkiv i Møre og Romsdal. Samlinga består av 208 ulike arkiv. Du finn oversikt over desse arkiva på Arkivportalen.

Grovordning av samlinga er gjort ved hjelp av midlar frå Arbeiderbevegelsens Arkiv og bibliotek sentralt.

I april tok vi imot nye 40 000 til å starte finordning og stykkregistrering. Vi takkar så mykje for midlane, og for det gode samarbeidet med Arbeiderbevegelsens arkiv i Møre og Romsdal lokaliserte ved sekretariatet til LO Møre og Romsdal i Molde.


Kjelder:
Molde Jern- og Metallarbeideres Kvinneforening, møtebok 1932-1952 og kassadagbok 1932-1952
Avdeling 81, Molde av Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund, jubileumsskrift 50 år, 60 år og 75 år

 

Tekst: Åsta Vadset, rådgjevar private arkiv

Kategori
Eldre arkiv
Privatarkiv
Foto