28.04.2022

Møte i privatarkivnettverket i Møre og Romsdal

Boksar med arkiv frå Unidos. Foto: Piotr Cabaj, Sedak
Middelalderbyen Borgund låg rett ved fjorden. Foto: Åsta Vadset, IKAMR

Over heile landet er det peika ut fylkeskoordinerande ledd i privatarkivarbeidet, som igjen har som ansvar for å danne samarbeidsnettverk i sine fylke. I Møre og Romsdal er det IKAMR som frå 2004 har vore det fylkeskoordinerande leddet. Nettverket har inngått ein samarbeidsavtale om bevaring av private arkiv, og skal no i gang med revidering av bevaringsplanen som vart utarbeidd i 2016.

Vi held fysiske møte ein gong i året, og rullerer på møtestad. Torsdag 21. april var det Viti/Sunnmøre museum som var vertskap for representantane frå dei største privatarkivinstitusjonane i fylket: Stiftinga Nordmøre Museum, Stiftinga Romsdalsmuseet, IKAMR.

Synne Stavheim, seniorrrådgjevar i Arkivverket, samt rådgjevarane Torgeir Brun og Hildegunn Ruset frå ABM-avdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune deltok også. Nettverket fekk dermed nyttige innspel i arbeidet. I tillegg høve til å diskutere felles problemstillingar.

Møtet vart avslutta med ei spennande omvisning ved Middelaldermuseet og området der byen Borgund ein gong låg.

 

 

Tekst: Åsta Vadset

Kategori
Privatarkiv