24.06.2022

Møte om private arkiv i Surnadal

Maja Frønes, avdelingsleiar Nordmøre museum avd. Surnadal, Svinviks arboret/Åsen bygdemuseum/Kleiva. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
Kleiva ligg idyllisk til over Surnadal sentrum. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
Frå venstre: Anne Skjeggestad, Marit Haugen, Eivind Hasle, Sverre Hatle, Lilli Husby og Sigrid Janne Moen. Steinar Hasselø deltok også på møtet. Foto: Åsta Vadset, IKAMR

Denne veka har privatarkivrådgjevar vore på besøk på vakre Skei, og sett på verdifull kulturhistorisk dokumentasjon.

Nordmøre museum avdeling Surnadal forvaltar arkivet etter lokalhistorikaren og diktaren Hans Hyldbakk. Som bygdebokforfattar gjorde Hyldbakk eit nybrotsarbeid på 1940-talet, då han skreiv om husmenn og husmannsplassar. For dette arbeidet fekk han tilnamnet «småkårfolkets historiker». Bygdebøker frå 6 ulike kommunar er ført i hans penn.

Han debuterte med diktsamlinga Harpespel i 1929. I alt gav han ut 10 diktsamlingar, 6 prosabøker, 11 bygdebøker og 7 jubileumsskrift. Den siste diktsamlinga vart utgitt då han var 100 år gammal.

Hyldbakk hadde også spalten «Brev frå Kleiva» frå 1972 av, i avisa Driva. Henning Sommero gjorde han kjend på landsbasis ved å sette musikk til fleire av dikta hans med gruppa Vårsøg. Spesielt kjende er dikta «Vårsøg» og «E slåttatæja».

Arkivet utgjer om lag 15 hyllemeter og inneheld dokumentasjon frå det som er skildra over.

Surnadal kommune har vore medlemmar av privatarkivordninga ved IKAMR sidan 2008. Dei har så langt ikkje levert private arkiv til depot i Ålesund, men samla arkiv frå ulike lag, foreiningar og privatpersonar i magasin ved biblioteket. På møtet, der representantar frå både kommuneadministrasjonen og historielaga var representerte, vart dette diskutert. Det vart einigheit om å sende arkiva til forvaltning ved IKAMR. Det var eit interessant møte, der ulike problemstillingar relatert til privatarkivarbeidet var oppe. Blant anna rolla til store og små privatarkivaktørar i forbindelse med revidering av bevaringsplanen for private arkiv i Møre og Romsdal.

 

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR

Kategori
Privatarkiv
Kommune
Surnadal