12.07.2023

Næringsforeningen sitt arkiv på flyttefot

Frå venstre Tommy Sperre, Næringsforeningen, og Emil Stokkevåg, IKAMR. Foto: Åsta Vadset, IKAMR

For eit par veker sidan var vi innom Næringsforeningen – Ålesundregionen. Foreininga vart starta opp i 1847 som Aalesunds Handelsforening, eitt år før Ålesund fekk bystatus.

Ifølge Ola Kvalsund, som skreiv «Ålesunds Handelsforenings historie» utgitt i 1932, skal foreiningsarkivet ha brunne opp under brannen i 1904.

Lenge var det berre kjøpmenn med tilknyting til fiskerinæringa som var medlemmar. Då var det spørsmål om fiske og fiskehandel som stod sentralt. Dei inngjekk prisavtalar og representerte Ålesund på fiskeriutstillingar gjennom foreninga. I 1864 arrangerte handelsstanden i Ålesund den første fiskeriutstillinga i Noreg.

I 1915 vart grosserar Christian J. Steffensen det første styremedlem utan tilknyting til fiskerinæringa. I 1947 hadde Aalesunds Handelsforening 13 bransjegrupper: Colonialgrossistenes forening, Dampskipsekspeditærenes gruppe, Handelsagentenes Forening, Jernevarehandlernes Forening, Klippfiskgruppen, Aalesunds Kolonialkjøpmænds Forening, Kreditorforeningen, Manufakturgrossistenes Forening, Manufakturhandlerens Forening, Rogngruppen, Saltsildeksportørenes Forening, Sild- og Ferskfiskgruppen og Sunnmøre Radioforhandlerforening.

I den første perioden arbeidde foreininga m.a. med å få brennevinsforhandlarane i Ålesund til å danne ei brennevinsforeining for å fremme måtehald, stengetider for forretningar og offentlege kontor, telefontakstar, oppretting av konsulat i Ålesund, lønnsavtalar, prisforskrifter, valutakontroll, postombering i Ålesund, og dei tok initiativ til eit fiskerimuseum. Dei stod òg bak stiftinga av Ålesunds Rederiforening.

Vidare har samferdsselsspørsmålet sjølvsagt stått sentralt: jernbane (Raumabanen til Ålesund), lufttransport, luftputebåten. Hotellforholda i byen har vore viktige. Foreininga har spelt ei viktig rolle under bankkriser, pris- og rasjoneringskontroll, kriser, konkurranse og usikkerheit.

I dag fungerer Næringsforeningen – Ålesundregionen som ein bransjeuavhengig møteplass for diskusjon, nettverksbygging og arena for å dele kunnskap. Mottoet deira er: Sterkare saman!

Vi har så langt henta inn den eldste bevarte dokumentasjonen etter Aalesunds Handelsforening og fleire av bransjegruppene. Vi takkar for godt samarbeid!

Kjelder:
Byens våkne øye: Aalesund handelsforening 150 år: de siste femti år 1947-1997, Odd Vollan

 

Sjå også:

Næringsforeningens arkiv på flyttefot - Næringsforeningen

Startside - Næringsforeningen

 

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR

Kategori
Privatarkiv
Kommune
Ålesund