08.07.2021

Nedpakking av akiv frå Sør-Aukra kommune

Frå venstre: Birgitte Margrete Fjørtoft, Torstein Skeide Olsen og Egil Woldseth Hessen

1. juli var IKAMR på besøk hos tidlegare Midsund kommune (no Molde) for å pakke ned arkiv.

Midsund kommune hadde ikkje depotavtale med oss, og av denn grunn har heller ikkje det aller eldste materialet frå som det som den gong var Sør-Aukra kommune (1924-1965) blitt levert til depot i Ålesund. Arkivet frå Sør-Aukra er på om lag 11,9 hyllemeter og vil bli avlevert til oss etter avtale.

No, som ein del av Molde kommune, kan administrativt materiale frå den tidlegare kommunen bli levert til oss. I god arkivskikk vart det eldste materialet på det gamle kommunehuset pakka ned, og skal leverast først. Dette skal vi ordne gjennom medlemskontigenten.

Materialet som er skapt av Midsund kommune (1965-2019) står førebels att, og vi vil i samarbeid med Molde kommune ta stilling til korleis og når dette skal ordnast, og av kven.

 

Tekst: Torstein Skeide Olsen

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Molde