10.06.2022

Nedpakking av arkiv frå Molde kommune

T.v. Torstein Skeide Olsen, t.h. Egil Woldseth Hessen med flyttekasser dei har pakka. Foto: Aleksander Larsen, IKAMR.
Egil Woldseth Hessen og Torstein Skeide Olsen pakkar flyttekasser. Foto: Aleksander Larsen, IKAMR.

IKAMR drog denne veka to dagar til Molde kommune for å fortsette nedpakkinga av endå ein sektor, denne gongen helse.

Vi pakka mesteparten frå Gotfred Lies plass, og om lag 1/4 av mengda materiale er henta frå rådhuset.

Materialet omfattar då mesteparten av Molde kommune sine adminsitrative arkiv frå sosialkontoret, helse- og sosialetaten, fysioterapi, bustadutvalet, helsekort og Molde helseråd, morsarkiv frå Glomset omsorgsdistrikt, Rakhaugen omsorgssenter + andre morsarkiv. I tillegg var det ein del eldre materiale frå gamle Molde og Bolsøy kommunar.

Det blei også tatt med materiale frå skattenemnda og litt restar av eldre arkiv før 1964 frå diverse arkivskaparar frå rådhuset.

Vi pakka ned totalt 221 flyttekasser og om lag 154 hyllemeter. Anslagsvis har vi no henta inn ca 2/3 av materialet som avtalen rommar for ordning hos IKAMR.

Tekst: Torstein Skeide Olsen, IKAMR

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Molde