12.10.2021

Nedpakking av arkiv frå Molde NAV

Frå venstre: Øyvind Andersson, NAV Molde, Alexander Larsen og Egil Hessen, IKAMR. Foto: Torstein Skeide Olsen, IKAMR

Den 30. september og 1. oktober drog IKAMR til Molde for å pakke ned arkiv hos NAV.

Det vart pakka ned totalt 109 flyttekasser med materiale frå Molde NAV sosial perioden 2006-2017 og for Nesset NAV sosial for same perioden, sistnemnde naturleg nok litt mindre i omfang med tanke på størrelsen på den tidlegare kommunen.

Vi vart godt tatt imot hos NAV Molde som stilte med ferdigmonterte flyttekasser og hjelpte til med å montere fleire underveis. Triveleg betening som sjølv er på flyttefot, som sette stor pris på å få fjerna store delar av papirarkivet. Vi fekk også med oss nyttige lister og informasjon om arkivet som gjer det enklare for oss å ta over den påbyrja jobben vidare inn i ordningsprosjektet.

Arkivet kjem truleg til oss i Ålesund tidleg i november.

 

Tekst: Torstein Skeide Olsen

Kategori
Eldre arkiv
Personregister
Kommune
Molde