23.09.2021

Nedpakking av arkiv i Rauma kommune

Frå venstre: IKAMR ved Egil Woldseth Hessen, Torstein Skeide Olsen og Tove Nypan med brorparten av det nedpakka arkivet - Foto: Joanna Pietruszka, IKAMR

21. og 22. september var IKAMR hos Rauma kommune og pakka ned 150 hyllemeter arkiv frå forskjellige arkivskaparar som har fylt arkivromma i første etasje på kommunehuset.

Dette er første del av ein avtale som rommar 1070 hyllemeter med arkiv på forskjellige lokalitetar i kommunen.

Noko av arkivet vi har pakka med oss no er tilnærma ferdigstilt av kommunen sjølv, medan andre delar blir fullstendig ordna av oss.

Vi ser fram til å starte arbeidet med dette prosjektet, som i hyllemeter er det største ordningsprosjektet i IKAMR si historie.

 

Tekst: Torstein Skeide Olsen

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Rauma