27.06.2022

Nedpakking av arkiv i Surnadal

Klare til arbeid i Surnadal. Frå venstre: Egil Woldseth Hessen, Torstein Skeide Olsen og Aleksander Larsen. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
Visittkontoret på sjukeheimen før nedpakking. Foto: Egil Woldseth Hessen, IKAMR
Visittkontoret på sjukeheimen ferdig nedpakka. Foto: Egil Woldseth Hessen, IKAMR
Torstein Skeide Olsen, Aleksander Larsen og Egil Woldseth Hessen bak alle flyttekassene dei pakka sist veke. Foto: Sigrid Janne Moen, Surnadal kommune
IKAMR tok sist veke turen til Surnadal for å fortsette innhaustinga av arkiv tilhøyrande ordningsprosjektavtalen inngått i 2021.

I oktober 2021 henta vi inn sentrale organ, og i tillegg til dette, ferdig digitiserte arkiv. Dette er no for det meste ferdig ordna, med mindre unntak, derfor var det tid for å hente neste sektor. Valet, etter diskusjon med kommunen, fall på helsesektoren.

IKAMR har i løpet av desse dagane (21. til 24. juni) tømt arkivromma på omsorgsbustadane, i kjellaren på sjukeheim, visittkontoret på sjukeheim, og fleire av dei mindre arkivlokala i kjellaren på rådhuset.

I tillegg fekk vi med oss gammalt 1800-talsarkiv frå tidlegare Stangvik kommune, som vart funne på biblioteket . Desse kassene er no komne i depotet vårt i Ålesund.

Totalt blei omfanget på denne turen på 179,2 hyllemeter fordelt på 256 flyttekasser. Når dette er levert i Ålesund vil IKAMR ha tatt imot om lag 310 av dei 495 hyllemeterane estimatet i avtalen rommar. Vi har gitt uttrykk til kommunen for at neste tur vil finne stad i mai/juni 2023 for å pakke teknisk sektor. Kommunen ønsker sjølv at teknisk sektor skal takast i neste omgang.

Vi forventar mottak i to leveransar i perioden 4.-6. juli.

Vi takkar for oss, for eit hyggeleg besøk og ei fin sankthansfeiring i Surnadal!

 

Tekst: Torstein Skeide Olsen, IKAMR

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Surnadal