06.06.2019

Nettverksmøte for ABM-sektoren i Møre og Romsdal

Fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen opna konferansen. Foto: Piotr Cabaj.
Jonny Edvardsen frå Nasjonalbiblioteket fortalte om digitalisering av lokallitteratur og deltok aktivt i debatten. Foto: Piotr Cabaj / SEDAK
Heidi Drageseth viste fram lokalhistoriebasen MøreRom. Foto: Piotr Cabaj / SEDAK
Kristian Hunskaar, Digitalarkivet - Nasjonal publiseringsplattform. Foto: Piotr Cabaj / SEDAK .
Marianne Wiig, NLI - Lokalhistoriewiki. Foto: Piotr Cabaj / SEDAK.
Ottar A.B.Anderson vektla gode planar og kvalitet i arbeidet med digitalisering. Foto: Piotr Cabaj / SEDAK.
Jan Aakvik fokuserte på kulturdatabasane. Foto: Piotr Cabaj / SEDAK.
Det vart mange spørsmål frå salen. Her representert ved Jonny Lyngstad. Piotr Cabaj / SEDAK.

For fyrste gong inviterte Møre og Romsdal fylkesbibliotek og Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal arkiv, bibliotek, museum (ABM) og kulturvern til eit nettverksmøte om digitalisering. Møtet fann stad 28. mai i Ålesund. Over 50 frammøtte fikk høyre presentasjonar og delta i drøftingar kring digitalisering av kulturarven, med fokus på lokalhistorisk materiale.

Fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen opna konferansen. Nasjonalbiblioteket presenterte deira digitaliseringsarbeid. Norsk lokalhistorisk institutt ved Nasjonalbiblioteket presenterte instituttet og Lokalhistoriewiki. Arkivverket viste fram nye Digitalarkivet, som er den nye nasjonale felles publikasjonsplattforma for digitalisert materiale.

Frå regionalt hald presenterte Heidi Drageseth (Fylkesbibilioteket) MøreRom-basen, Ottar A.B Anderson (SEDAK) viste fram det viktige arbeidet med digitalisering av lokalhistorisk materiale og Jan Aakvik (KulturNett) ved IKAMR, presenterte tankar om publisering av kulturarven.

«Ønsket er at dette blir ei årleg samling der vi får tatt pulsen på, samt å fylgje opp og formidle kva som skjer regionalt, nasjonalt og internasjonalt m.o.t. digitalisering og publisering av kulturarven»  seier Heidi Drageseth og Ottar A.B Anderson.

Kommune
Ålesund