25.06.2022

Nominasjon til Noregs dokumentarv

Attersynet Olivia Driveklepp skreiv til ein jubileumsfest. Henta frå arkivet etter Vikebygda sanitetslag.
Attersynet Olivia Driveklepp skreiv til ein jubileumsfest. Henta frå arkivet etter Vikebygda sanitetslag.

IKA Møre og Romsdal har nominert arkivet etter Vikebygda sanitetslag til Noregs dokumentarv. Dokumentasjonen etter dette vesle sanitetslaget i Volda kommune, romar kjerna i arbeidet til NKS sine foreiningar.

Ei viktig årsak til at akkurat dette arkivet er valt er «badesaka», godt uttrykt i attersynet til Olivia Driveklepp. Den illustrerer haldningane og tankegangen til sanitetsforeiningane, og er ei enkel og fin forteljing om arbeidet til sanitetskvinnene. Om å sjå seg sjølv som del av eit fellesskap, om ueigennytte – og det å vere det motsette av sjølvsentrert. Dei såg eit behov i lokalsamfunnet og sette i verk tiltak som dekte behovet.

Vikebygda sanitetslag, slik som mange andre foreiningslag under NKS, var eit lite lag som bidrog til både bygging og drift av institusjonar i regi av større sanitetslag (her Volda sanitetslag). Desse små og store laga bidrog med små byggesteinar i noko som til saman vart noko større – utviklinga av velferdssamfunnet i første halvdel av 1900-talet. Dette gjorde dei ved å halde utlodding på kvart foreiningsmøte, arrangere basarar og sjølve lage ting som trongst ved institusjonane.

Arkivet er så og seie komplett, frå starten i 1925 og framover, og utgjer i underkant av ein hyllemeter. Liste ligg på Arkivportalen. Møtebøker og årsmeldingar er tilgjengelege på Digitalarkivet, som ein del av Sanitetsarkivprosjektet i Møre og Romsdal. 

Fram til 1937 låg Vikebygda sanitetslag under Volda sanitetslag, då dei melde seg inn i NKS som eit sjølvstendig lag.

Igjennom mange år har dei utretta mykje både i det store og det små :

 

  • Skulebarnundersøkingar frå 1927, tannhelseundersøkingar eit par år etter.
  • I 1939 kjøpte Vikebygda sanitetslag eit badekar til kvar husstand i bygda. 56 sinkkar og 2 sinkbaljar (til 2 familair som ikkje hadde stort nok baderom til badekar).
  • Sjukesysterteneste i heimane vart dekt av sanitetslaget fram til kommunen overtok i 1963.
  • Laget dreiv ei stund sanitetsheimehjelp. Kommunen overtok denne tenesta i 1966.
  • Hadde spedbarns- og småbarnskontroll i lag med Volda sanitetslag.
  • Frå 1961 helsekontroll av husmødre.
  • Kurs i førstehjelp og heimesjukepleie.
  • Frå 1965 fotpleie for eldre.
  • Frå 1969 undersøking av livmorhalskreft.
  • Frå 1973 blodtrykksmåling.
  • Arrangerte dametrim og eldretreff.
  • Debattkveld om kvinnemedisinsk forsking og kvinnehelse.
  • Rømmegrautsal på Rotevassætra.
  • Sal av fastelavnsris.
  • Jobba for goder til pasientane ved Pleieheimen
  • Årleg basar med handlaga gjenstandar.
  • Årleg støtta helserelaterte saker og institusjonar.
  • Samla inn pengar til NKS sentrale faste fond.

Nærmiljøet har også siste åra nytt godt av gåver frå saniteten: frukt og grønt til SFO, handikapptoalett ved ungdomslaget sitt bygg, innsamling til kjøp av utstyr til sjukehuset i Volda.

Møtestad har ofte vore samfunnshuset Høgtun.

Vikebygda sanitetslag lever i beste velgåande framleis.

Lenke til nettside: Vikebygda sanitetslag | Norske Kvinners Sanitetsforening (sanitetskvinnene.no)
Lenke til facebookside: Vikebygda sanitetslag
Lenke til registreringane over arkivet etter Vikebygda sanitetslag på Arkivportalen: P-00312 - Vikebygda sanitetslag (arkivportalen.no)
Lenke til møtebøkene og årsmeldingane på digitalarkivet: Finn kilde - Digitalarkivet

Noregs dokumentarv er den norske delen av UNESCOs Memory of the World-register. Blant dokumenta på Noregs dokumentarv-liste finn vi Gulatingslova ca 1250, Grunnlova av 17. mai 1814, Nordlandshandelarkiva på Bryggen 1702-1942, Radioprogram: Norge slår England 2-1 i fotball 1981 (reporter Bjørge Lillelien), Minnematerialet etter 22. juli 2011. Der er så langt ingen sanitetsarkiv på Noregs dokumentarvliste. 

Lenke til dokumentarven: Norges dokumentarv - kulturradet.no
 

.
Anna Mjånes med eitt av badekara. Foto: Idar Mjånes

 

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR

Kategori
Privatarkiv