28.04.2022

Ny avlevering frå TAFJORD - elektrisitet er meir enn lys i kvar stove

Arkiv frå Tafjord Kraft på hylla hos IKAMR. Foto: Vibeke Solbakken Lunheim, IKAMR

Kan vi i 2022 tenke oss eit liv utan elekstrisitet? Utan lamper? Utan mobiltelefonar? Utan varmeovnar og varmt vatn frå springen?

TAFJORD er ei av dei viktigaste bedriftene i Møre og Romsdal. Verksemda har gitt straum til fylket sine mange hushald, til industri og næringsliv, den har prega (og vorte prega av) politikk og samfunn og verksemnda har vore ein viktig støttespelar for lag og foreiningar. TAFJORD er industri og arbeidsplassar, næringsutvikling og draumar om vekst, det er store anlegg og inngrep i naturen, det er styring av straum og smartmålarar. Elektrisitet er forming av samfunn. Det skuldast at vatn – og etter kvart også andre engerikjelder – kan nyttast til å lage lys, varme og kraft.

IKA Møre og Romsdal tok den 26. april imot om lag 100 hyllemeter med arkiv frå TAFJORD. Mottaket er ein del av eit større ordningsprosjekt. Første mottak var i 2020 og den gong tok vi imot 114 meter arkiv. Det bestod av arkiv etter TAFJORD, Borgund elverk, Ålesund elverk samt Ålesund og Sula elverk. Totalt har vi no teke imot 214 meter arkiv frå TAFJORD.

I september 2022 er det planlagt å hente inn siste del av arkivet. Det er berekna til at det vert omtrent 90 meter med arkiv. Arkivet vi har teke imot strekk seg tilbake til tidleg 1900-tal og fram til om lag år 2000.  Med andre ord strekk arkivet seg tilbake til ei tid kor ein ikkje har lamper, gatelys og opplysning.

 

 

Tekst: Vibeke Solbakken Lunehim

Kategori
Eldre arkiv
Privatarkiv