08.10.2021

Ny dagleg leiar

Jesper Sode Hansen, ny dagleg leiar ved IKAMR. Foto: Sofie Svanes Flem, SMP
Jesper Sode Hansen (49) er tilsett som dagleg leiar for IKA Møre og Romsdal. Han tiltredde 1. oktober.

Han har særleg kompetanse og erfaring innan leiing av endrings- og føretaksutvikling. Han har leia både offentlege og private verksemder.

Han har mange års erfaring med leiing, lean og organisasjonsutvikling. Han har sidan 2017 leia arbeidet med lean og organisasjonsutvikling i Ålesund kommune og fungerte i 2020 som interim verksemdsleiar for Vatn og avløp.

«Jesper er ein erfaren, profesjonell leiar med innsikt i verkemiddelapparatet og det politiske system. Han har ein klar filosofi innan organisering, organisasjonsutvikling og leiing. Vi er svært glade for å ha han med oss på laget i utviklinga av IKA Møre og Romsdal, seier styreleiar Perry Ulvestad.»

Velkomen til oss!