28.10.2022

Nye medlemmar i privatarkivordninga

Foto: Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR

Sula kommune og Tingvoll kommune har meldt seg inn i privatarkivordninga ved IKAMR. No er til saman 20 av kommunane i Møre og Romsdal medlemmar i ordninga.

Fleire og fleire av eigararne våre ser verdien av å bevare også private arkiv i depot hjå oss. Medlemskap i ordninga inneber at privatarkiv frå desse kommunane vert ordna og registrert, oppbevart etter forskrift og arkivliste publisert på Arkivportalen. Arkivportalen er ei nasjonal søketeneste der ein finn informasjon om kva historiske arkiv som er bevarte i Noreg. På denne måten vert brukarar gjort merksame på at arkiva finst og at dei kan brukast.

Innsyn i dei private arkiva vert gjort etter offentleg regelverk. Materialet kan ein, på same måte som med dei kommunale arkiva, få tilgang til ved lesesalen vår.

Du kan lese meir om privatarkivarbeidet ved IKAMR her.

 

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR

 

Kategori
Privatarkiv
Kommune
Tingvoll