23.06.2014

Offentlege og private arkiv utfyller einannan

offentlege_og_private_arkiv_utfyller_einannan_large.jpg

I seinare år har ein vorte meir oppteken av at ein ikkje berre skal ta vare på arkivmateriale etter offentlege arkivskaparar, men også etter dei private verksemdene i samfunnet. Dette for å kunne danne seg eit fullverdig bilete av fortida. Men dette er ikkje nye tankar. Magistraten i Ålesund var inne på det same allereie i 1905.

Ei av oppgåvene til amtmannen i Romsdals amt, var å rapportere til sentrale styresmakter om dei økonomiske og sosiale tilhøva i amtet . Amtmannen bygde sine rapportar på meldingar frå futane og frå magistratane i byane. Desse rapportane vart gjevne kvart femte år, og vart gjerne skrive nokre år etter det aktuelle femåret.

I 1911 skreiv magistraten i Ålesund til amtmannen, der målet var å fortelje om tilhøva i Ålesund i femåret 1901-1905. Men, skriv magistraten, ein mangla arkivkjelder etter både offentlege og private arkivskapar i Ålesund. Dette grunna sjølvsagt i den vidgjetne brannen, og magistraten skriv difor at det var vanskeleg å danne seg eit bilete av korleis stoda hadde vore i Ålesund nett dette femåret. Nedanfor kan du lese magistraten skriv:

Beretningen om Kjøbstaden Aalesunds økonomiske Tilstand i Femaaret 1901-1905 har det paa Grund af Aalesunds Brand 23 Januar 1904 vist sig ugjørligt at afgive paa fyldestgjørende Maade. Ved Branden gik saa meget tabt saavel af offentlige, kommunale som private Arkiver, at det viste sig omtrent umuligt at skaffe sig de vanlige Oplysninger og statistiske Opgaver. Magistratskontorets Overlæsselse i det paa Branden følgende Femaar har desuden gjort det umuligt at afse Tid til at søge de Oplysninger, som efter Branden var tilgjængelige i betimelig Tid. Med Samtykke af Det statistiske Centralbureau vil derfor i Femaarsberetningenfor 1906 - 1910 meddeles saadanne økonomiske Oplysninger for1901- 1905, som kan skaffes tilveie. A a l e s u n d s M a g i s t r a t i M a i 1911.Anton J. Rønneberg.

Ut frå desse orda kan me konkludere med at offentlege arkivmaterialet bør oppbevarast trygt for at ein skal unngå brannskadar. Privatarkiv bør også takast vare på for ettertida. Og blir dette gjort, ja då har ein gode kjelder som kan hjelpe oss med å fylle ut biletet av fortida.

Kategori
Foto
Kommune
Ålesund