01.03.2021

Pakking av arkiv - Molde kommune

Egil Woldseth Hessen, Torstein Skeide Olsen, Joanna Pietruszka, arkivleiar i Molde kommune, Martha Beinset og Stine Hovdenakk - Foto: Geir Håvard Ellingseter, IKAMR

I forbindelse med ordningsprosjekt for Molde kommune, stilte IKAMR 25. og 26 februar mannsterkt opp og pakka papirarkiv knytt til teknisk sektor.

Dette omfattar teknisk etat, diverse skog og landbruk, vatn- og avløp, prosjektarkiv, bygningsrådet, byingeniøren m.m. I tillegg pakka vi ned ein del kasser med materiale frå gamle Bolsøy og Molde kommunar frå før 1964.

Totalt utgjorde pakketuren 368 flyttekasser alias 257 hyllemeter. Totalt på prosjektet vil IKAMR no, ved levering av dette, ha mottatt 381 hyllemeter av eit estimat på 850. Vi føler vi ligg godt an på tid og budsjett.

Vi takkar for oss for denne gongen.

 

Tekst: Torstein Skeide Olsen

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Molde