Praksisstudent hos IKAMR
Praksisordninga er ein del av eit større samarbeidsnettverk mellom Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal IKS, Høgskulen i Volda og andre bevaringsinstitusjonar i Møre og Romsdal om bruk av arkiv i undervisning. Eit praksissamarbeid er viktig for å gjere utdanningstilbodet meir arbeidslivsrelevant og for IKAMR er eit ledd i arbeidet med å gjere eldre arkivmateriale meir tilgjengeleg for bruk. Samtidig får vi hjelp i arbeidet med ordning og katalogisering av historiske arkiv (1837-1964).
Gjennom emnet HI204P Lokal- og regionalhistorie – praksis får studentane ved høgskulen innføring i lokalhistorie som sjanger og som arbeidsfelt. I løpet av eit praksisopphald på 8–10 veker ved ein relevant arbeidsplass skal studentane bli kjende med lokalhistorisk kjeldemateriale og formidling av lokalhistorie. Emnet vert avslutta med ei teoretisk oppgåve der studentane koplar erfaringane frå praksisplassen saman med pensumlitteraturen.
Hos IKAMR har Maria arbeidd med ulike oppgåver knytte til eldre kommunalt og privat arkivmateriale, og fått ei innføring i arbeid med lokalhistoriske kjelder og med arkivarbeid generelt. Samarbeidet har vore lærerikt og fruktbart og vi ser fram til å ta imot fleire studentar i praksis neste år.
Her følgjer Maria si eiga skildring av praksisopphaldet:
Under opphaldet mitt hjå IKA Møre og Romsdal arbeida eg med praktisk ordning av arkiv, arkivskaparhistorikk og saksbehandlingar, samstundes som eg arbeida med ei lokalhistorisk problemstilling som del av ei semesteroppgåve. Under dette samarbeidet har vi lagt vekt på både arkivpraktiske mål, men også historiefaglege mål som del av emnet lokal- og regionalhistorie. Dette innebar ordning av arkiv, men også gransking og undersøking av kjeldemateriale knytt til det lokalhistoriske faget.
Under opphaldet mitt tileigna eg meg mykje praktisk erfaring om korleis ein ordnar arkiv. Dette innebar serieinndeling, digital registrering i Asta, rydding av arkiv etc. Den første tida av praksisopphaldet mitt arbeida eg med Arbeidstilsynet i Ålesund. Eg har også arbeida med andre arkiv, både private og kommunale arkiv. Dette var mindre arkiv med protokollseriar frå andre lokale Arbeidstilsyn på Sunnmøre, arkivet til Rådmannskontoret i Kristiansund frå krigsåra, privatarkivet til Grepa og Mjelva fabrikk for elektriske varmeapparat, og dei eldre skulearkiva til Grytten, Veøy, Hen, Eid og Voll kommune. Då eg arbeida med dei kommunale arkiva fekk eg erfare korleis det er å arbeide med protokollseriar, og saks- og korrespondansearkiv. Arbeidet med privatarkiv handla for det meste om grovordning, samstundes som det er mindre omfattande en dei kommunale arkiva.
Eg fekk også hjelpe til med saksbehandlingar der privatpersonar eller kommunar ønsker innsyn i arkiv. Saksbehandling og arkivskaparhistorikk går inn i det lokalhistoriske faget, ettersom det inneber leiting etter informasjon, både i arkivet i seg sjølv, men også i litteratur og andre tilgjengelege kjelder. Her nytta eg både tidsskrifter, aviser og diverse lokalhistorisk litteratur. Det å nytte arkiv i lokalhistoriske undersøkingar gir eit unikt innblikk i historiefaget, ettersom ein får nytte primærkjelder til tema ein ønsker å undersøkje. Eg nytta primærkjelder i mi eiga semesteroppgåve, der eg valte å undersøkje kor utbreidd barnearbeid var på Sunnmøre i første del av 1900-talet. Her nytta eg arkiva til Arbeidstilsyna på Sunnmøre.
Eg har hatt ei positiv erfaring under praksisopphaldet med stort læringsutbytte og godt samarbeid, der eg har fått mykje god praktisk erfaring som ein ikkje får tileigna seg elles i historiestudiet.