16.11.2020

Privatarkiv frå Aukra kommune

Håkon Skarshaug og Kari Johanne Todal. Foto: Åsta Vadset, IKAMR.
I haust melde Aukra kommune seg inn i privatarkivordninga ved IKAMR. I dag kom arkiva til Kirkegata 10b.

Rådgjevar for private arkiv, Åsta Vadset, var ved Aukra rådhus 11.11.2020 og pakka privatarkiva. Samlinga består av dokumentasjon frå blant anna speidarlag, ungdomslag, yngreslag, bondelag, kvinnelag, avhaldslag, båttrygdelag, turnforeining, losjar, barneforeining, sanitetsforeining, sjømannsmisjonsforeining, fiskarlag, arbeiderpartilag, vassverk, Rotary. Til saman 8 hyllemeter.

I dag var arkivleiar i Aukra kommune, Kari Johanne Todal, og privatsjåfør Håkon Skarshaug, i Ålesund og leverte samlinga til depot. Viktig lokalhistorie frå Aukra kommune er dermed bevart for framtida.

Kategori
Privatarkiv
Municipality
Aukra