09.12.2020

Privatarkiv frå Sunndal kommune

Frå Sunndal ungdomslag sitt arkiv - Foto: Åsta Vadset, IKAMR
Tidlegare i haust var IKAMR i Sunndal og pakka privatarkiv. 8. desember tok vi imot samlinga.

Privatarkiv frå Sunndal kommune har i ein del år vore oppbevart ved Leikvin kulturminnepark / Sunndal bygdemuseum. I oktober var rådgjevar for private arkiv, Åsta Vadset, på besøk og gjekk igjennom samlinga i lag med avdelingsleiar på Leikvin, Jarle Stavik, og arkivleiar i Sunndal kommune, Ida Solberg. 

No er arkiva komne på hylla ved IKAMR. Ei spennande samling som består av blant anna arkiv etter ulike meieri, Ulvungen IL, Herskedal landhandel, ungdomslaget Fram, ungdomslaget Frihug, Sunndal ungdomslag og kino, Fahle sjømannsmisjonsforening, Grødalen hytteeigarlag, Fahle sykepleieforening.

Til saman 20 hyllemeter.

Kategori
Privatarkiv
Municipality
Sunndal