11.11.2021

Privatarkivkonferansen 2021

Frå Privatarkivkonferansen 2021. Foto: Kjetil Landrog, Arkivforbundet

8. og 9. november vart det arrangert konferanse for privatarkivfeltet. Det var Arkivforbundet, i samarbeid med Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, Arkivverket, Norges museumsforbund og Oslo byarkiv som samarbeidde om arrangementet.

Om lag 120 deltakarar frå heile landet, dei fleste frå arkiv- og museumsinstitusjonar, deltok.

Første dag var temaet arkivpolitikk. På dag to stod erfaringsutveksling knytt til konkrete prosjekt på agendaen. I tillegg vart Arkivforbundet sitt 35-årsjubileum feira.

Ei lærerik og sosial samling vi har venta lenge på.

 

Tekst: Åsta Vadset

 

Kategori
Privatarkiv