02.09.2022

Program og påmelding til Kontaktkonferansen 2022

Scandic Hotell Kristiansund. Foto: Scandic
Det er no ope for påmelding til Kontaktkonferansen 2022, som vert arrangert i Kristiansund 9.-10. november på Scandic Hotell Kristiansund og Caroline kino- og konferansesenter. Hovudtemaa for årets konferanse er nyheiter frå arkivmiljøet i Møre og Romsdal, bruk av arkiva, fellesløysingar i arkivsystem og digitisering for kassasjon.

Onsdag konsentrerer vi oss om lokale tema, med rom for nettverksbygging og diskusjon.

Torsdag får vi høyre foredrag om aktuelle faglege tema, og avsluttar konferansen med ein livleg paneldiskusjon. Som vanleg har vi også felles middag, med utdeling av prisen Årets arkivar!

Påmelding

Tid og stad: Scandic Hotell Kristiansund og Caroline kino- og konferansesenter onsdag 9. november til torsdag 10. november.

Overnatting kan bestillast saman med konferanseavgifta. Det vert mogleg å bestille ekstra overnatting frå tysdag til onsdag for dei som ønsker å kome dagen før.

Klikk her for påmelding (lenke til påmeldingsskjema).

Påmeldingsfrist er fredag 7. oktober 2022.

Årets arkivar 2022

Sidan 2017 har tildeling av prisen Årets arkivar vore ein fast del av kontaktkonferansen.

Kommunane og fylkeskommunen i Møre og Romsdal har mange arkivmedarbeidarar som utfører oppgåver som er grunnleggande for arbeidsgivarane. Alle fortener å kome meir fram i lyset. IKAMR ønsker å markere arbeidet som arkiv- og dokumentasjonsmedarbeidarar gjer ved å dele ut prisen Årets arkivar til ein person som har utmerka seg på ein eller fleire måtar.

Det kan vere nybrottsarbeid, å skape forståing for arkivdanning og dokumentasjon i organisasjonen, utføre godt arkivarbeid eller anna. Prisen har som mål å sette fokus på dette arbeidet og vise at godt og solid arbeid kombinert med nytenking og forståing for gode arkivløysingar vert sett pris på.

Tildeling av prisen skjer på grunnlag av nominasjon frå arkivmedarbeidarar og andre tilsette i kommunane og fylkeskommunen. Nominasjonen skal grunngivast.

Send nominasjon til postmottak@ikamr.no innan 21. oktober 2022. Nominasjonen vert handsama konfidensielt og namn på andre nominerte enn vinnaren vert ikkje gjort offentleg.

Send inn forslag på nokon du meiner fortener prisen!

Program (med atterhald om endring)

DAG 1 - Scandic Hotell Kristiansund

11:00: Registrering opnar

11:30: Lunsj

12:15: Velkommen til Kontaktkonferansen 2022 i Kristiansund!
           - Jesper Sode Hansen, dagleg leiar IKAMR og Marianne Rotvær, styremedlem og arkivleiar i Kristiansund kommune

12:30: Status ved IKAMR og utsikt framover
           - Jesper Sode Hansen og Andri Jonsson, IKAMR

13.15: Pause

13:30: KDRS innsyn: Formidling av avslutta arkiv
           - Torbjørn Aasen og Tore Fadnes, IKAMR

14:00: Kommunesamanslåing - BK-plan og avlevering av elektroniske arkiv frå avslutta kommunar
           - Tone Ski Blindheimsnes, Ålesund kommune

14:45: Pause

15:00: Utviklingsstatus frå fagnettverket arkiv hos IKT ORKidé
            Kathrine Tømmervåg, IKT
ORKidé

15:45: Pause med tid til nettverksbygging og besøk på stand

16:15: Gruppediskusjon

17:00: Avslutning fagleg del av dag 1

19:00: Felles middag, utdeling av prisen Årets arkivar 2022

DAG 2 - Caroline kino- og konferansesenter

09:00: Arkivenes nytteverdi i historiske studier. Jakten på distriktslegen Søren Johan Hanssen
           - Dan André Myrbakk-Velle, historikar og arkivar

10:00: Pause

10:20: Helseplattformen frå eit arkivperspektiv
           - Kjersti Kaalbøll, Helseplattformen

11:15: Arkivpliktig informasjon i felles saksbehandlingssystem
           - Jacob Haugmoen Handegard, Arkivverket

12:00: Lunsj

13:00: Paneldiskusjon: Digitisering for kassasjon
           - Ordstyrer Vibeke Lunheim, IKAMR

14:30: Avslutning

Prisar

Full pakke, to dagar med middag og overnatting: 4400,-

Dagpakke, ein dag: 1200,-

Ekstra overnatting: 1200,-

Sjå påmeldingsskjema for meir info om prisar.

 

Velkommen!

 

Kategori
Kontaktkonferansen