Program og påmelding til Kontaktkonferansen 2026 i Ålesund
Mellom temaa på årets konferanse finn vi arkiv og beredskap, ny arkivlov, arkivsamarbeid, digital langtidsbevaring, kassasjon og mykje meir. I tillegg til det faglege programmet vert det god tid til å treffe gamle og nye kollegaer i arkivmiljøet i Møre og Romsdal. Som vanleg vert det felles middag og utdeling av prisen Årets arkivar, og for dei som ønsker det vert det ope hus på IKAMR og byvandring i jugendbyen Ålesund etter programmet tysdag.
Velkomen til Kontaktkonferansen i Ålesund 2026!
Påmelding
Tid og stad: Quality Hotel Waterfront, Ålesund, tysdag 13. oktober til onsdag 14. oktober.
Pris: 5190,- for full pakke. 1690,- for dagpakkar.
Frist for påmelding: 1. juli 2026
Faktura vert sendt ut til kommunen i etterkant av konferansen.
Skjema for påmelding finn de her.
Årets arkivar 2026
Sidan 2017 har tildeling av prisen Årets arkivar vore ein fast del av kontaktkonferansen.
Kommunane og fylkeskommunen i Møre og Romsdal har mange arkivmedarbeidarar som utfører oppgåver som er grunnleggande for arbeidsgivarane. Alle fortener å kome meir fram i lyset. IKAMR ønsker å markere arbeidet som arkiv- og dokumentasjonsmedarbeidarar gjer ved å dele ut prisen Årets arkivar til ein person som har utmerka seg på ein eller fleire måtar.
Det kan vere nybrottsarbeid, å skape forståing for arkivdanning og dokumentasjon i organisasjonen, utføre godt arkivarbeid eller anna. Prisen har som mål å sette fokus på dette arbeidet og vise at godt og solid arbeid kombinert med nytenking og forståing for gode arkivløysingar vert sett pris på.
Tildeling av prisen skjer på grunnlag av nominasjon frå arkivmedarbeidarar og andre tilsette i kommunane og fylkeskommunen. Nominasjonen skal grunngivast.
Send nominasjon til postmottak@ikamr.no innan fredag 2. oktober 2026. Nominasjonen vert handtert konfidensielt og namn på andre nominerte enn vinnaren vert ikkje gjort offentleg.
Send inn forslag på nokon du meiner fortener prisen!
Program (med atterhald om endring)
- Dag 1 - tysdag 13. oktober
-
Registrering opnar kl 10:30
11:00 Velkommen til Kontaktkonferansen 2026 i Ålesund!
11:15 Status ved IKAMR og utsikt framover
Jesper Sode Hansen, dagleg leiar, IKAMR
11:45 Lunsj
12:45 Arkiv og beredskap
Inga Bolstad, nasjonalarkivar
13:15 Pause
13:25 Nytt arkivlregelverk
Gudmund Valderhaug, IKAMR
14:10 Pause
14:25 Nye arkivlovens betydning for kommunene
Kjersti Myro, Bærum kommune
15:15 Gruppediskusjonar
16:30 Avslutning fagleg del av dag 1
16:30-18:00 Byvandring i Ålesund og ope hus på IKAMR
19:00 Felles middag på Anno restaurant
- Dag 2 - onsdag 14. oktober
-
09:00 Årets arkivar 2026
09:15 Arkivsamarbeidet på Søre Sunnmøre
Inger-Johanne Johnsen, Volda kommune
Helga Bøe, Ulstein kommune
10:00 Pause
10:10 Digi Møre og Romsdal - orientering fra nettverket
Ingeborg Johnsrud, Digi Møre og Romsdal
Elisabeth Sande, RoR IKT
10:55 Pause
11:05 Kassasjon i digitale arkivsystemer
Petter Høiaas, Sopria Steria
11:35 Pause
11:45 Innebygd arkivering
Olav Sataslåtten, Oslo byarkiv
12:30 Lunsj
13:30 Digital langtidsbevaring
Tor Eyvind Johansen, NTNU/KDRS
14:15 Pause
14:30 Kunstig intelligens i veiledning
Synnøve Standal, Lillestrøm kommun
15:00 Avslutning og vel heim!