26.01.2021

Protokollar frå Molde og Øre fattigkommisjon digitalt tilgjengelege

Forhandlingsprotokoll Øre fattigkommisjon
Forhandlingsprotokoll Molde fattigkommisjon

IKA Møre og Romsdal har på førespurnad frå ein privatperson digitalisert protokollar skapt av Molde og Øre fattigkommisjon. Arkiva etter fattigvesenet er gode kjelder som kastar lys over dei sosiale tilhøva i by og bygd. Her kan ein finne opplysningar om livet til einskilde personar.

Mellom 1741 og 1790 kom stiftsanordningane som la grunnlaget for organiseringa av det offentlege fattigvesenet i Noreg. Reskriptet bestemte at det overalt i landet, for kvart enkelt prestegjeld skulle opprettast ein bygdekommisjon - fattigkommisjonen. Denne skulle bestå av soknepresten, ein eller to handlande borgarar eller proprietærar og lensmann. Etter innføringa av lova om kommunalt sjølvstyre i 1837 gjekk ansvaret for fattigstellet over til formannskapet. Trass dette er arkiva etter fattigvesena prega av at presten, spelte ei leiande rolle i det styrande organet fram til 1864. Presten er ein statleg tenestemann, og denne blandinga mellom statleg og kommunalt ansvar har sett sitt preg på arkiva fram til om lag 1900. Dette har ført til at delar av arkivet kan ha blitt avlevert til Arkivverket.

Fattigvesenet la beslag på store ressursar i kommunal forvaltning i eldre tider. I byrjinga støtta fattigvesenet kun fattige, men også friske og arbeidsføre personar som lausarbeidarar og tiggarar. Med Fattigloven av 1863 vart typen fattige klientar fattigvesenet skulle hjelpe utvida til å dekke foreldrelause born, sinnsjuke, gamle, sjuke, vanføre, enker med born, ugifte kvinner med born og forlatne kvinner med born. I tillegg skulle det givast støtte til innlagde på sjukehus, sinnssjukeasyl og anstaltar, og til betaling av legetimar, medisinar, jordmor, fødselshjelp og gravferd. Med andre ord vart heile helsesektoren dekt av  fattigvesenet på 1800-talet.

Med fattiglova av 1891 skifta Fattigkommisjonen namn til «Fattigstyret». Etter andre verdskrig, i 1948, skifta Fattigstyret namn til «Forsorgsstyret». I 1964 skifta arkivskapar namn til «Sosialstyret».  Med den siste namneendringa gjekk heile fattigvesenet gjennom ei nyorganisering. Presten var ikkje lenger sjølvskriven medlem og administrasjonen av verksemda til styret skulle leggast til eit sosialkontor.     

 

IKAMR har digitalisert følgande protokollar:

  • Molde kommune. Fattigkommisjon/Fattigstyret/Forsorgstyret. Møtebok 1861-1876
  • Molde kommune. Fattigkommisjon/Fattigstyret/Forsorgstyret. Møtebok 1876-1890
  • Molde kommune. Fattigkommisjon/Fattigstyret/Forsorgstyret. Kopibok 1857-1874
  • Molde kommune. Fattigkommisjon/Fattigstyret/Forsorgstyret. Kopibok 1874-1894
  • Øre kommune (Gjemnes kommune). Fattigkommisjon/Fattigstyret/Forsorgstyret. Møtebok 1863-1885
  • Øre kommune (Gjemnes kommune). Fattigkommisjon/Fattigstyret/Forsorgstyret. Kopibok 1863-1892

    Molde sine protokollar finn ein her, medan dei frå Øre ligg her.                                    

    Om arkiva til fattigvesenet

    Arkiv etter fattigvesen vert meir og meir etterspurt både av genealogar, sosialhistorikarar og andre profesjonelle forskarar. Stiftsanordningane fastsette ingen reglar for arkiva til fattigvesenet, men praksis var at det vart ført ein "fattigprotokoll" som kan innehalde referat frå møta i kommisjonen, budsjett, lister over fattigunderstøtta og oversikt over inngåande brev og avskrifter av utgåande brev.

    Fattiglovene av 1845 bestemte at Fattigkommisjonen skulle føre forhandlingsprotokoll, kopibok og brevjournal. Dette førte til at samanblandinga med soknepresten sitt arkiv stort sett opphøyrde, og kommisjonane fekk eigne korrespondansearkiv. Lovene fastsette også at kommisjonen kunne føre manntalsprotokoll over fattiglemer og legdeprotokollar. Landsfattiglova av 1863 heldt ved lag arkivreglane frå 1845, men gjorde føringa av manntalsprotokollar obligatorisk. Presten var leiar av Fattigkommisjonen fram til 1864, og deretter medlem.

    Fattigloven av 1900 var felles for by og land, og oppheva legdeordninga. Kommunestyret fekk fullmakt til å dele kommunen i fattigkrinsar, og skulle utarbeide plan for fattigvesenet. Desse planane skulle godkjennast av departementet, og vart ofte trykt. Fattigstyret skulle føre "Fortegnelse over understøttede Trængende", som erstatta dei tidlegare manntalsprotokollane. Ifølgje 1900-lova skulle det nyttast trykte skjema til heimstadsforklaringar. Desse kan òg finnast i innbundne protokollar.   

    Rekneskapet til fattigvesenet vart etter 1838 ofte ført av ein rekneskapsførar som også førte rekneskap for andre kasser i kommunen. Desse rekneskapa inngår i kommunekassen sitt arkiv.

    I fattigvesenet sine arkiv finn vi dermed som oftast desse arkivseriane:

    • Fattigprotokoll for perioden 1755–1845.
    • Møtebøker (forhandlingsprotokollar) for fattigkommisjonen/fattigstyret frå 1846. Ofte vart ein tidlegare fattigprotokoll nytta som møtebok til denne var utskriven. Det er verd å merke seg at mange saker ikkje vart behandla i fattigstyret, men avgjorde av formannen.
    • Kopibøker vart ført frå 1846.
    • Brevjournalar frå 1846.
    • Korrespondansearkiv kan finnast frå 1846, nokre stadar også tidlegare. Mange stadar har delar av dette materialet gått tapt.
    • Legdelister eller legdeprotokollar kan finnast nokre stadar fram til 1900.
    • Oversikt over "hjelpte trengande" finst frå 1900 i dei fleste fattigarkiva, og viser kven som fekk fattigstøtte. Manntalsprotokollane som var forløparane for desse, er sjeldnare å finne. Oversikt over dei som fekk fast fattigstøtte kan ofte finnast i årsbudsjetta som er referert i møtebøkene.
    • Heimstadforklaringar vart frå 1900 ført på eige skjema, og kan ofte finnast som ein eigen protokollserie nokre år seinare. Før 1900 finst heimstadforklaringane i korrespondansearkivet.
    • I sjeldne tilfelle kan det finnast eigne rekneskap for fattigvesenet frå tida før 1838.

    Tilgang til arkiva til fattigvesenet

    Arkivet til Fattigvesenet er klausulert i 60 år. Utover denne tida skal ein vise ei viss forsiktigheit med tanke på offentleg tilgang. Grunnen til dette er at borna til hovudpersonen kan vere nemnde, og kan ha krav på offentleg beskyttelse. Utanfor klausulbestemminga er materialet ope tilgjengeleg. Innanfor klausulbestemminga er materialet tilgjengeleg for partar og andre med lovheimla rett. Forskarar må søke tilgang hos departementet.

     

    Kjelder:

    Mykland og Masdalen 1987
    Wikipedia
    Lokalhistorie wikipedia
    IKA Kongsberg
    Oslo byarkiv
    Strinda bygdebok
    Store Norske leksikon

    Tekst: Vibeke Solbakken Lunheim

    Kategori
    Eldre arkiv
    SEDAK